Årkjølen, Sør-odal og S. Fjellsjøhøgda, Stange (07.06.2016)  3

Skrevet av Elementmannen

Turtype Fottur
Turlengde 2t 17min
Distanse 11,9km
Høydemeter 261m
GPS
Bestigninger Søndre Fjellsjøhøgda (642moh) 07.06.2016 18:37
Årkjølen (641moh) 07.06.2016 18:37

Andy Rod:
Etter Skreikampen og kinamat på Eidsvoll ville Morten ha seg ein ny topp så vi køyrde til Hedmark og opp ein lang bomveg (Knappervegen?) før greitt startpunkt sommarstid. Målet var Årkjølen i Nord-Odal for meg og Søndre Fjellsjøhøgda for begge to då den nyleg var oppdaga som høgste punkt i Stange. Lite spennande sti oppover, men merka og lett å finne vegen. Gode halvtørre myrar oppe på platåen før siste reis mot aluminiumsorrhøna på Orrkjølen. Tårn på plass og markering og det heile. flott.
Vi peiste mot Stange og toppen der nord langs myrane og det var no merka med raudt opp mot steinane der høgste punktet var. Også norsk flagg så eg vifta felt og tok ein dram og markere jubileumstopp nr. 200 i beltet :D Skog og lita utsikt her. Så attende til Årkjølen, opp i tårnet og sjå på skog og ta nokre bilete før vi returnerte utan smerte.
Overnatta så på Fløtdamkoia, ein gammal tømmarflyttekoie som var ombygd til ubetent DNT-hytte. sjarmerande lita lysning i skogen flott for ungar og for grilling og morgonkaffi på brua med marsmellows og snadder. Livet var heilt greitt og vi returnerte 08. juni til Eidsvoll.

2t 17 min på tur (45 min opp, 35 min t/r Søndre Fjellsjøhøgda, 45 min ned)

Topp 200
Mygg og knott
Skatollstenen
Tårn
Kjedelig myr
Myrull og multe
Bompengar
Godt merka til begge toppar
Flagg på søndre fjellsjø...

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.