Oppdal: Raudhovden (26.03.2016)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Grøtsætra (765moh)
Sluttsted Grøtsætra (765moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 2t 00min
Distanse 7,0km
Høydemeter 350m
Kart
Bestigninger Raudhovden (972moh) 26.03.2016
Fin gjeng på Raudhovden (Foto Otto Lund)
Fin gjeng på Raudhovden (Foto Otto Lund)
Kyllingutstyret til Inger Lise og Otto slo godt an. (Foto Otto Lund)
Kyllingutstyret til Inger Lise og Otto slo godt an. (Foto Otto Lund)

Vi parkerte på Grøtsætra, her var det folksomt og stor påskeutfart. Fekk Vinjar på plass i pulken og fulgte løypene så langt som muleg før vi tok av og gjekk rett sørover mot toppen. Eit par bratte parti opp der. Dvs ikkje bratt, men slik at vi måtte være litt obs med pulken i skråpartia. Kom oss heilt fram til varden med pulken, finfint sidan Vinjar då kunne sitte der heile tida. Han hadde duppa litt av undervegs, og var litt betenkt over alle dei nye folka då han vakna. Men så kom Otto med kyllinglua si og Kvikklunsj og då var det berre velstand. Vinjar skratta som vanleg godt når det blir fart på pulken i nedoverbakkane. Tilbake på Grøtsætra var det innom kafeen og kjøpte kaffi og vafler. Vinjar vekkte oppsikt med kyllinglua som han fekk låne.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Kylling

    Skrevet av otto 03.04.2016 20:42

    Tøft bilde av far og sønn som bør henge på veggen i gangen, på stua eller i hønsehuset..

    • -
      avatar

      Sv: Kylling

      Skrevet av boven 03.04.2016 21:16

      Hehe ja det var ein ide. Fine turar var det på Oppdal i påska. Både far og son sette stor pris på det sosiale.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.