Lang biltur for lite (01.11.2015)

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fottur
Turlengde 1t 45min
Distanse 5,0km
Høydemeter 150m
Kart
Bestigninger Elgklinten (634moh) 01.11.2015

Etter fest dagen før og altfor sein start, kom Marit og eg fram til bommen ved Furubekken kl 1430. Vi hadde køyrt om Flisa og kom nordfra ned Finnskogvegen og tok av der det stod Furuberget. Følgde aask si beskriving, men gjekk nedturen hans opp, og ned omtrent same vegen. Veldig grei liten tur, sjølve toppunktet stod markert med eit norsk flagg i ein einerbusk(kommunetopp nr 22/428 hadde eit par skrive på flaggstanga). Men grensevardepunktet og grensegata og utsynet var fabelaktig. Vi åt niste, skreiv oss inn i boka, og fekk nydeleg kveldshimmel med solnedgang på veg ned. Det var i grunne grått vêr heilt til sola vippa ned bak horisonten. Flott himmel, men duskmørkt i skogen då vi nådde bilen. Så Grue sin topp blei det ingenting av, for hovudlykter hadde vi ikkje med oss. Batteriet på gps-klokka mi var slutt før vi nådde bilen, og bensintanken var også ganske tom. Då vi letta køyrde inn på bensinstasjonen i Svullrya viste displayet i bilen at vi hadde bensin att til 2 km! 3 timar ein veg frå Oslo, og noko mindre heim att. Og 5 km og 1 time og 45 minutt i skogen inkludert pause. Men hyggjeleg turfølgje, for Marit og Uncas var altså med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.