Ein kjekk tur på Molden (01.08.2015)
Skrevet av Eikås (Janne Eikås)
Startsted | Marifjøra (10moh) |
---|---|
Sluttsted | Marifjøra (10moh) |
Turtype | Løpetur |
Distanse | 14,0km |
Høydemeter | 1154m |
Kart |
![]() |
Bestigninger | Molden (1120moh) | 01.08.2015 |
---|
På vegen inn til Lom og eit par dagar med 2000-meters topp samling, så må eg berre stoppe og ta turen innom Molden. Dette er ein av mine favoritt toppar, ryggen opp frå Marifjøra er flott med furuskog og ikkje minst den fine utsikta over den grønne Lustrafjorden inn mot Skjolden. Undervegs møtte eg 5-7 terreng syklistar på veg nedover. Den eine av dei hadde vore så uheldig å miste kameraet sitt på veg nedover og trudde det måtte ligge nesten oppe ved toppen. Eg lova å kike etter det undervegs....då eg nesten trudde at håpet var ute for kameraet, så låg det der plutselig ved sida av stien! det vart ein glad eigar :) Sliten etter å ha pressa meg litt ekstra mot slutten av toppen....merkar eg at det kjem raskt opp bak meg ein kar med særdeles lette steg. Han virka ikkje litt sliten ein gong.... "Heldigvis" kunne han fortelle at han berre hadde sprunget dei siste 100 meter opp og kom ifrå den andre kanten :) Det kom seg på snakk om løp, tider og fjelltoppar og dermed hadde vi ein felles bekjent 500fjell (Sondre Kvambekk) Måtte le litt då Andreas fortalte ei historie om ein fellestur dei hadde hatt ilag, der Andreas hadde lurt litt ekstra stein i sekken til Sondre som russla og gjekk der utan å merke det :)
Triveleg treff og prat med Karoline og Andreas
Kommentarer