Oppdal: Storbekkhøa (06.08.2015)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Storli (625moh)
Sluttsted Storli (625moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 49min
Distanse 13,7km
Høydemeter 915m
Kart
Bestigninger Storbekkhøa (1504moh) 06.08.2015
Joso sherpa, Vinjar og boven på vei til Storbekkhøa.
Joso sherpa, Vinjar og boven på vei til Storbekkhøa.

Etter ei natt hos Johan var det å finne ein lett tur før vi vende nasa heimover. Valget vart Storbekkhøa frå Storli, guide og sherpa var Johan. No har vi bært Vinjar på alle turar han har vært med på. Derfor var det svært befriande at Johan ville ta denne dagen. I utgpkt skulle han bære i starten, men han berre gønna på så alvorleg at vi hadde nok med å halde følgje. Det var heller ikkje muleg å få han til å gje frå seg guten til foreldrene! Kjempegreier, takk Johan!

Turen til Storbekkhøa er ein lett tur. Parkerte på Storlia og betalte parkeringa, kr 30. Frå Storlia gjekk vi på vei eit stykke vestover i retning Lonaplassen. Tok av på sti som går heilt til topps. Denne stemmer bra med det som er teikna inn på kartet. Frå toppen er det utsikt til ei mengde kjende og ukjende toppar. Spesielt nord og vestover var interessant, Trollheimen og Sunndalsfjella. Hit blir det fleire turar. Men no var dette siste raidet for i år. Kjøyrde heim til Oppdal og bestilde pizza som vi åt utandørs i flott ver. Litt vemodig å takke for selskapet, uvisst når vi har slike muligheter igjen som vi har hatt i år.

God sti til Storbekkhøa.
God sti til Storbekkhøa.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.