Tingvoll/Sunndal: Smisetnebba mm. Tingvoll pf 100 komplett (03.08.2015)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Smiset (120moh)
Sluttsted Ålvundeid kyrkje (160moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 05min
Distanse 18,6km
Høydemeter 1620m
Kart
Bestigninger Flånebba (1147moh) 03.08.2015
Mereftahaugen (714moh) 03.08.2015
Røsetkinna (838moh) 03.08.2015
Smisetnebba (1176moh) 03.08.2015

Vinjar og eg kom frå tur til Hufatet. Kjøyrde frå Hafstadvatnet til Smiset og venta på Lise der, ho gjekk Hufatet, Flånebba og Smisetnebba. Etter kjapp prat og litt info skilde vi lag nok ein gong. Avtalen var å møtast ein plass på Ålvundeid der Lise skulle finne plass til bubilen og overnatting.

Gjekk den våte og litt uryddige råsa mot Smisetnebba. Tok av og gjekk først til Mereftahaugen, deretter Smisetnebba, Flånebba og Røsetkinna. Rett før Smisetnebba møtte eg fordundre meg igjen ho dama med dei 5 ungane som vi møtte på Hufatet-turen. Dei hadde bestemt seg for å gå heile runda. Meget imponerande for å seie det mildt! Hadde nok ein prat med dei. Frå Røsetkinna gjekk eg mot Røsetsætra. Her fann eg skogsvei av nyare type som eg fulgte ned til bygda. Trakka langs vei eit par km til kyrkja på Ålvundeid. Her hadde Lise funne ein fin plass, og middagen var heldigvis ferdig. Litt godt i glaset vart det og. Tingvoll kommune komplett! Slikt må feirast i beste stil.

Frå Smisetnebba mot Flånebba. Flånebba vart siste topp i Tingvoll.
Frå Smisetnebba mot Flånebba. Flånebba vart siste topp i Tingvoll.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.