Bjønnhøa, Slettfjellkampen og Gråvola (28.07.2015)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Startsted Gammelsætran (936moh)
Sluttsted Gammelsætran (935moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 51min
Distanse 11,6km
Høydemeter 490m
GPS
Bestigninger Bjønnhøa (1253moh) 28.07.2015
Gråvola (1127moh) 28.07.2015
Slettfjellkampen (1214moh) 28.07.2015

Toppdag i Folldal. Turen starta ved Gammelsætran. Eg gjekk den gamle byvegen mellom Oppland og Nidaros eit stykke før eg tok av frå stien for å bestige Slettfjellkampen.

Frå Slettfjellkampen gjekk eg strakaste vegen over mot Bjønnhøa.

Turen gjekk så strakaste vegen mot Gråvola, der det gjekk treigt i dalbotnen på grunn av myr, høgt og trongt buskas m.m.

Frå Gråvola gjekk eg ned att, der eg etterkvart kom ned på Byvegen. Bortsett frå byvegen gjekk turen utanom sti.

Fin tur, med fin utsikt i dei fleste retningar frå dei ulike toppane. Veret veksla mellom skyer og sol denne dagen, og temperaturen var OK så lenge sola var framme.

Det ser ut til å vere fint skiterreng også for oss som likar litt brattare terreng enn flate vidder, men som synest at fjella i Jotunheimen og Vestlandet stadvis kan vere for bratte. Berre så synd at snøen her blir borte kanskje allereie i slutten av april.

GPS-batteriet tok slutt på veg opp Gråvola. Eg logga med telefonen resten av turen, slik at antal km og tidsvarighet gjeld for heile turen, og ikkje berre sporet på kartet.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.