Ein til av dei store i Telemark (01.08.2015)

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 06min
Distanse 5,7km
Høydemeter 509m
Kart
Bestigninger Stavslinuten (1155moh) 01.08.2015
Køyrde i lettskya vêr med mest sol til Liosvingen og tok så av mot Mo og Byrte. Andre avkjørsel til høgre opp bakkane. Utruleg fint kulturlandskap med styvingstrær og gamle tømmerhus og rydningsrøysar. betalte 20 kr i bompengekassa og køyrde inn til Bessevatna. Parkerte ved Flatemo og busha rett oppover. Heldt meg mot venstre og unna bekken. Urskog med tørre gamle vridde furustomnar, kjempegraner og opne myrdrag og lyngbakkar innimellom. Fint! Kom opp på den høgda over tregrensa som ligg nordvest for fjellet (er det Stavsnuten, Nuten eller Bessefjellet?) gjekk så rett aust opp sporet av eit tråkk opp nuten. Runda litt og følgde eit nytt lite tråkk før eg gjekk opp på ryggen. Slak helling opp mot varden som var flott og høg. Fann tre peakbook-signaturer i boka på toppen. Koselege lyngsenger å raste i. Prøvde å halde meg på stig ned, men alle forsvann for meg, men så dukka det opp nye. Litt fugleliv: fire rjuper, ein storfugl og ei vakker raud lavskrike nedi bjørkeskogen. 5,7 km, 509 hm. Eg gjekk i 2 timar og 10 minutt. Kosa oss Uncas og eg.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.