Møllehøj (20.07.2011)
Skrevet av HåkonL (Håkon Lie)
Bestigninger | Ejer Bavnehøj (170moh) | 20.07.2011 |
---|---|---|
Møllehøj (170moh) | 20.07.2011 |
Eg og min gode kamerat Sindre Høgset hadde bestemt oss for å ta turen nedover i Europa. Planen var å køyre ned å sjå Tour de France, og på vegen passera me nokre lette nasjonstoppar. Eg såg med dette mitt snitt til å fylle på nasjonstoppsamlinga mi. Fyrste land på turen var Danmark, og dette skulle også bli fyrste toppen. Vegen vidare nedover i Europa går nesten rett forbi toppen, så akkurat her vart det heller ingen omveg. Me tok av mot Skandenborg, men burde ha venta litt og heller teke av mot Ejer Bavnehøj. Men me fann greit fram likevel, takka vere utskrift frå google maps. Me var fyrst på Ejer Bavnehøj, her står det eit stor tårn, me var opp i toppen og gjekk rundt og kikka. Ejer Bavnehøj er det som vert markera som høgaste punktet i Danmark, men Møllehøj som berre ligg nokre hundre meter bortanfor er 51 cm høgare og vert rekna for den høgaste toppen i landet. Me gjekk difor mot eit jordet som såg litt høgare ut. Her dukka det plutseleg opp eit skilt der det stod: "Møllehøj". Her vart det litt info og ein merka sti bortover eit jordet med nokre kyr. Stien enda på baksida av eit fjos, og her var det ein møllestein som markera toppen. Så der bak eit fjos, eit nokre hundre meter frå det flotte tårnet på Ejer Bavnehøj er altså Danmark sin høgaste topp.
Dei fleste trur at det høgaste fjellet i Danmark heiter Himmelbjerget, men dette er feil, den rette toppen er altså Møllehøj på 170,86 moh.
Turen gjekk vidare nedover i Europa og til neste topp Vaalsberg i Nederland.
Kommentarer