Høgafjellet og Hikletten (18.03.2015)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Lonadalen (240moh)
Sluttsted Lonadalen (240moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 8t 00min
Kart
Bestigninger Hikletten (494moh) 18.03.2015
Høgafjellet (868moh) 18.03.2015
Setnipa (710moh) 18.03.2015
Andre besøkte PBE'er Træet gård (220moh) 18.03.2015

Eg og Knut Sverre reiste i kvar vår bil frå Bergen til Osterøy og eg parkerte ved Båtaleitet siden eg skulle på Bruviknipa etterpå. Sat på med Knut Sverre det siste stykket inn til Blomdalsleitet i Lonadalen. Me traff på eit par karar som fortalde at det var merka sti gjennom skogen frå bommen, og det viste seg å halde stikk.
Me begynte å gå i 11-tida og måtte bære skia opp til snaut 400 moh og derfra var det godt med snø og føret var greit siden det var så mildt. Ingen panserskare denne dagen. Det klarna opp ein periode mens me var på veg oppover, men det skya selvfølgelig til igjen før me nådde Høgafjellet. Ganske disig og dårlig utsikt så me hadde bare ein kort matpause og skreiv oss inn i vardeprotokollen før me rant ned sørover.
Unna oss Hikletten som bonustopp der me gjekk opp og ned den bratte nordaustryggen til fots i djup snø. Gjekk så ned til Botnen og fulgte grusvegen forbi turisthytta Træet Gård tilbake til Blomdalsleitet. Snaut 8t rundtur.
Takk for turane me hadde i lag Knut Sverre!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.