Kveldstur og vegsjekk.. (26.10.2014)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Uppstunet (202moh)
Sluttsted Uppstunet (202moh)
Turlengde 1t 30min
Distanse 5,2km
Høydemeter 669m
Kart
Bestigninger Eikåsnipa (826moh) 26.10.2014

Kom att frå fjellhelg på møre og uvær på gang.. det vart verre desto lengre eg nærma meg Jølster. I Våtedalen gjekk elva nesten over vegen...såg mest ut som innsjø heile elva, store nedbørsmengder på gang! Ikkje heilt mørkt då eg kom heim, så det var berre å dra på regnkle og komme seg opp mot Støylen for å sjekke skogsvegen. Greit å sjå etter at det ikkje demmer seg opp og lager nye elveløp... lite som skal til for å berge veg. Alt vel då eg var komt til Støylen, vidare kort veg til topp :) Fin kveldstur i troperegn!!!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.