Store Venjetinden og Romsdalshorn tidenes fjelldag (14.09.2014)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Venjesdalen (540moh)
Sluttsted Venjesdalen (540moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 9t 00min
Distanse 12,6km
Høydemeter 2200m
Kart
Bestigninger Romsdalshornet (1550moh) 14.09.2014
Store Venjetinden (1852moh) 14.09.2014

Etter ei runde på kva topp som var aktuell for dagen, var det eit fleirtall for Store Venjetind. Start frå Venjesdalen kl 10.00 Skodda låg langt nede, men det var gode meldingar for dagen og håpet var at me såg blå himmel etter nokre høgdemeter oppe i lia. Noko som skulle vise seg å slå til :) Det var ein "tidig" gjeng som starta turen i eit fellesskap, med ei lita overvekt av Oppdalingar... men vi var tross alt tre representantar frå Sunnfjord og Nordfjord, så det måtte jo ligne seg ut dette her... :) Saken var at me som kom nedafor høyrde godt sollen frå Oppdalingane heile vegen oppover ;) men vel og merke kjempetriveleg :) Denne turen og dagen er rett og slett ein innar tiar i eksotisk naturopplevelse med eit flott turfellesskap. Tørt og fint fjell, supert og klyve! Turen gjekk unna pga gode forhold og fin driv i gjengen, vi kosa oss heile vegen med god tid til foto, prat, matpausar og feira Andreas sin siste Kongetopp. På veg nedover tidleg ettermiddag var eg eigentleg klar for ein topp til i godværet. Så fine forhold i fjellet og godt ver, Romsdalshorn låg og gnog i sjela! (Det hadde den gjort ei stund!!) Prøvde å hinte litt i turfølget om nokon ville vere med å klyve den i fri etterpå... eg var veldig bestemt på å uansett prøve så langt som råd, om eg så skulle gå åleine. Eg visste at det var fullt muleg og no var det jo og supre forhold. Ove var klar med ein gong eg la fram vidare tur plan :) Johan svinga oss opp til parkering og utgangspunkt innerst i dalen for både Romsdalshorn og Kvanndalstind.

Blånebba 1320 moh ved Romsdalseggen
Blånebba 1320 moh ved Romsdalseggen
Magisk naturopplevelse
Magisk naturopplevelse
Ove nyter stunda
Ove nyter stunda
Snart til toppen på Store Venjetind
Snart til toppen på Store Venjetind
Snart til toppen på Store Venjetind
Snart til toppen på Store Venjetind
Ein liten matstopp og tid til å nyte
Ein liten matstopp og tid til å nyte
Fint klyv og tørre fjell
Fint klyv og tørre fjell
Eit mektig skue frå Store venjetind
Eit mektig skue frå Store venjetind
Eit mektig skue frå Store Venjetind til tidlegare sommars kjempetur på Kvanndalstind 1744 moh
Eit mektig skue frå Store Venjetind til tidlegare sommars kjempetur på Kvanndalstind 1744 moh
Skoddehav frå Store Venjetind
Skoddehav frå Store Venjetind
Skoddehav frå Store Venjetind ned mot Blånebba og Åndalsnes
Skoddehav frå Store Venjetind ned mot Blånebba og Åndalsnes
Tid til å nyte det sosiale og skiva med brunost er berre toppers i eit sånt lag og med ei himmelsk utsikt :)
Tid til å nyte det sosiale og skiva med brunost er berre toppers i eit sånt lag og med ei himmelsk utsikt :)

Eg og Ove starta turen opp mot Romsdalshorn ca kl 16.00 Greit å følge raudmerkinga opp til svaene, der stoppa merkinga og vi måtte studere litt oppover og finne enkelte vardingar, slynge feste og kor det kanskje var naturleg å klyve oppover. Har høyrt at det er nede i svaene ein føler det er mest utsatt, enn partia lengre oppe, vi er nok begge i etterkant enig i det. På toppen var det vindstille og som forventa ei nydeleg utsikt mot Trolltindane, Store Venjetind, Blånebba og Romsdalseggen. Det er berre så vanvittig flott eit område :) Ove var komt inn i steinhytta og skulle skrive oss inn i boka, der eg nyt utsikta og kik ned i avgrunnen og spekulerer høgt på og snakkar delvis til Ove om kor i verden slags topp Tom Erik Heimen er å testar flyging på i dag.. Så høyrer eg Tom Erik si stemme bak meg...synest eg høyrde nokon snakka om meg.."snakk om sola som skin" :) Han har nok meir eller mindre jogga opp!! Vi fekk desverre ikkje med hoppet og flyginga hans nedover. Men har i ettertid fått Gopro videoen frå turen frå Romsdalshorn og det er vel og merke ein heftig heimtur. Vel nede for vår del og framleis sol i fjella, må eg berre seie at dette var tidenes turdag :)
http://peakbook.org/boven/tour/102923/Romsdalshornet+-+Halls+renne.html

Tur nr to og på veg til Romsdalshorn med Ove
Tur nr to og på veg til Romsdalshorn med Ove
Vindstille ettermiddag på Romsdalshorn
Vindstille ettermiddag på Romsdalshorn
Steinhytta på Romsdalshorn
Steinhytta på Romsdalshorn
Tom Erik og Ove
Tom Erik og Ove
Tom Erik H. viser Ove ruta han om litt tek ned att i luftlinje..
Tom Erik H. viser Ove ruta han om litt tek ned att i luftlinje..
Tauet vi lånte frå toppen måtte vi teste på ein hammar på nedturen :)
Tauet vi lånte frå toppen måtte vi teste på ein hammar på nedturen :)

Store Venjetind 1852 moh : Starthøgde ved Venjesdalsvatnet 540 moh 7,7 km Totalhøgde 1350 m Tid 5,5 t/r

Romsdalshorn 1550 moh : Tid 3,20 t/r Totalhøgde 850 m 4,9 km

Turfølge denne dagen : Brit Siv, Ove, Johan, Andreas, brødrene Kåre og Odd-Magnar

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av Mikael 13.10.2014 11:10

    Vengetinden er mitt absolutte favorittfjell. Om du ikke har gått de, kan jeg på det varmeste anbefale rutene Vesteggen og spesielt Drømmediederet.

    • -
      avatar

      Sv:

      Skrevet av Eikås 13.10.2014 21:39

      Ja, det er nydelege toppar og ein forelskar seg lett i eit så vilt og vakkert område :) I tilegg har ein vore så heldig å få oppleve desse fjella som ein har høyrt så mykje om, i tidenes sommar og haustver :) Minne for livet og det gir absolutt lyst til å utforske mange nye ruter og variantar, spesiellt Drømmediederet. Har lese mange fine rapportar frå den ruta, deriblandt Dåka :) Det er vel berre å håpe på ein flott og lang fin haust til neste år også ;) :)

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.