Ettermiddagstur til Skjeltrene (30.09.2014)

Skrevet av JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Startsted E16, Fylkesgrense Vang/Lærdal (940moh)
Sluttsted E16, Fylkesgrense Vang/Lærdal (951moh)
Turtype Fottur
Turlengde 3t 07min
Distanse 6,9km
Høydemeter 511m
GPS
Bestigninger Skjeltrene (1393moh) 30.09.2014
Skjeltrene trig. pkt. (1387moh) 30.09.2014
Oppretting av varden på Skjeltrene
Oppretting av varden på Skjeltrene

Start ved grensestøtta på E16, mellom Oppland og Sogn og Fjordane. Her er det bru over elva og me kjem på rett side av elva Grøna.

Me fylgde ein bilveg så langt den gjekk og fortsette oppover i eit flott artig terreng. Ei slett mark som skrådde fint oppover med ein open bjørkeskog. På 1080 moh dukka det opp ei gamal tuft. Her fann me og stien vidare. Over skoggrensa vart det litt brattare og me fylgde rundt austsida av 1311. Vidare ryggen opp til trig-punktet på Skjeltrene og så til varden på det høgaste punktet.

Den store steinen som skulle stå på høgkant midt i varden var bikka over. Me fekk han på plass og sanka nokre steinar for å skora han betre opp.
Retur om varden på 1311. Kjempeflott panoramautsikt over heile Filefjell. På turen attende fann me sjølvsagt stien heilt nedatt.

Karin & Jonny

Starttidspunkt 30.09.2014 13:46
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 30.09.2014 16:53
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 3t 07min
Bevegelsestid 2t 51min
Pausetid 0t 15min
Snittfart totalt 2,2km/t
Snittfart bevegelsestid 2,4km/t
Distanse 6,9km
Høydemeter 510m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.