Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Høsbjørkampen

Dato:
01.05.2015

Kjørde til p-plass ved Høstbjør. Tok turstig austover forbi tjern og så til fyrste kryss til venstre. Derfrå vart det slalomkjøring mellom snøflekkene til toppen. Det er andre toppunkt som er nesten like høge, men den som stemte med kordinatene var det ein liten varde på. Returen vart lagt litt meir sørvestover, så vi var innom utsiktspunktet og utskytingsrampa for hangleidere.Eva var med.

Kart    

Langehallfjellet

Dato:
28.04.2015

Frå Bjødalsfjellet vart det ein fin ak ned til Øytjernet. No var det så langt på dag at fellene måtte på. Stor va skuffelsen då eg oppdaga at dei ikkje var i sekken, men i bilen. Det vart derfor eindel bering av ski, for ski utan feste og dårleg skøyteteknikk er ein uheldig kombinasjon. Men eg nådde toppen, og det var viktegast. Eg hadde meint å ta med Haugsetfjellet i dag, men med ski utan feste tenkte eg at det får bli ei anna gong.

Kart    

Bjødalskampen

Dato:
28.04.2015

Kjørde opp Reinli og Stavadalen og bomveg (40 kr) til Nordre Fjellstølen. Parkerte ved Røysvang (brøyteslutt her). Det var -grader, så eg la på blå voks og drog oppover lia. Kom litt langt vest, men fann toppen greit. Varde med kasse og bok i. På vestsida var snøen borte så der forsvant nestepakka.

Kart    

Slettningsegge

Dato:
21.04.2015

Frå Svarteknippa tok eg meg ned til salen mellom Årdalsvatnet og Svarteknipptjernet. Her fann eg ein fin rasteplass, så her vart nista fortært. Medan eg sat her vart eg var ein person som sikkert var på tur mot toppen, men han drog meir austover. Etter kvila bar det rett oppover. Snøen var fast og fin, så den var grei å gå. På toppen møtte eg han eg hadde sett lenger nede. Dette var ein hytteeigar nede ved Torolmen som gjorde sin 3dje årlige bestigning av toppen, men han var ikkje særleg pratsam så det vart eit kort møte. Det var same flotte utsikt her som på Svartenibba, men kassa ved varden mangla bok å skrive seg inn i. Tilbaketuren vart lagd om Sletningsbu, for der hadde eg aldri vori før. Dagens konklusjon: Flott tur og 2 topper.

Kart    

Svarteknippa

Dato:
21.04.2015

Kjøyrde frå Tyin mot Årdal, og parkerte på stor p-plass aust for Torolmen. Det var nesten stille vær og skaraføre, så det var på med ski og feller. Gjekk nesten beint mot toppen. Her var det fin utsikt mot Austabotn - og Skagastølsmassivet. Neste var Slettningsegge.

Kart    

Rennefjellet Nord for

Dato:
19.03.2015

Kjørde bomveg til Syndinstøga, og så sørover til Høymestøl. På med ski og feller, men hard skare og skavlar kombinert med ganske flatt lys gjorde at det det gjekk ikkje fort.Det var også eindel vind idag. Ellers ein grei tur.

Kart    

Kvithovd

Dato:
17.03.2015
Kart    

Haustsæterfjellet

Dato:
12.03.2015

Parkerte ved innkjøring til nedlagte Aven Tre., og tok skogsvegen austover mot Meinset. Den var brøyta berre nokre 100 meter innover, så då måtte skiene på. Det vart staking på glatte ski inn til Midtsætervatnet, og då måtte fellene på. Greit til toppen med utsiktstårnet på godt skaraføre. Flott utsikt til Synfjellet, Langsuene og Skaget. Det var ei grøn turkasse festa på tårnet, men den var tom. Grei tur nedatt.

Kart    

Stølhaugen

Dato:
10.03.2015

Kjørte til Fodnesbygda, og litt nord for denne gjekk det ein brøyta skogsbilveg oppover. Etter ein liten kilometer tok denne feil retning for meg så eg parkerte her.ca 1,8 km til toppen. På med ski og feller, og det vart ein grei tur opp. Lite markert topp, den er kanskje letter å finne når det ikkje er snø. Mykje vind idag, og temeraturen var godt på +sida. Brukte 50 min. opp.

Kart    

Stryteberg

Dato:
04.03.2015

Dette vart siste toppen i Ø. Slidre. Starta frå Garli, og gjekk skiløypa over Gravholen og Oleskaret. Tok så løypa mot Skredalen, og frå denne ein liten kilometer til toppen. Det var greit å gå på langrenski, men sur vestavind gjorde opphaldet på toppen kort. Returen vart lagt om Skredalen og Øystelie, men mykje drevsnø i løypa gjorde at eg brukte lengre tid en eg hadde meint.

Kart