Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (152)
-
Skitur (50)
- Langrennstur (15)
- Randonnée/Telemark (27)
Favoritturer
Favorittopper
Strengen
- Dato:
- 15.03.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:14t
- Distanse:
- 7,7km
Effektiv ettermiddagstur opp til Strengen. Til tross for lite snøfall den siste tida var det meget oppegåande køyreforhold på veg ned, no når marssola hadde fått jobba med snøen i fleire timar.
Storhornet og omegn
- Dato:
- 11.03.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 5:15t
- Distanse:
- 25,3km
Mykje ugjort i Oppdalsområdet, så ein slik usedvanlig fin fredag i mars blei nytta til skitur i området rundt Storhornet. Sanking av i alt fem smultringar saman med ledsager og lokalkjent aarvag (Steinar Aarvåg) , og fine timar med sol, slake, snødekte fonner, og skarp snø. Valde bort den mest effektive ruteføringa til fordel for ei ekstra nedkøyring frå Storhornet.
Løålikjølen
- Dato:
- 27.02.2022
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 0:48t
- Distanse:
- 10,5km
Nok ein vakker vinterdag brukt til å bestige Løålikjølen. Sola byrjar å fortjene tittelen som vårsol, og påvirka både snøen og skiløparen.
Løålikjølen x 2
- Dato:
- 20.02.2022
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 1:51t
- Distanse:
- 19,8km
Tur til Løålikjølen i så fint vær og på så fint føre at det ikkje var anna råd enn å gjenta løypa ein gong til.
Løålikjølen
- Dato:
- 16.02.2022
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 0:53t
- Distanse:
- 10,4km
Kveldstur til Løålikjølen i måneskinn og generelt vakre forhold.
Bjønnåsen
- Dato:
- 29.01.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:53t
- Distanse:
- 3,2km
Spasertur opp til Bjønnåsen som del av laurdagens bursdagsfeiring. Fulgte anleggsvegen opp mot Marikollslottet, og tok av på stien inn mot Bjønnåsen. Tidvis veldig glatt og til dels utfordrande å ta seg opp dei brattaste partia. Grilling på bål og god stemning på toppen, med fin utsikt inn mot hovudstaden.
Strengen
- Dato:
- 09.01.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 2:38t
- Distanse:
- 11,8km
Finværet held fram gjennom helga, og søndagen var heller ikkje ein dag for å sitte inne. Dårleg oppslutning frå turfølgjet i dag, så da bar det ut på einmannshand nede frå Vang rundt klokka 10, medan dei første solstrålane allereie hadde krype godt nedover sørsida av Strengens topp.
Jamn marsj opp til Klåberget, kor sola faktisk varma litt, og det blei litt reduksjon av bekledning. Herifrå opp til toppen av Strengen, og enda meir vind enn i går. Nedkøyring etter same oppskrift som dagen før - litt austover på toppen og ned første åpning. Stopp på Klåberget og opp att ein tur til, denne gongen med nedfart rett aust for "normalvegen". Etter kvart mykje folk ute på veg både opp og ned. Fantastisk flott føre der det var urørt snø å finne, og nede ved Klåberget >>>
Strengen
- Dato:
- 08.01.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:58t
- Distanse:
- 8,0km
Det var varsla at den andre helga i det nye året skulle bli av det bedre slaget, og når spådommane viste seg å slå til var det ikkje anna å gjere enn og kome seg ut og få benytta seg. Strengen fungerer utmerka til å nyte finveret, spesielt no i januar medan dagane framleis ikkje er så lange. Nydelig ver og mykje folk å finne oppover frå Vang. God temperatur, og som alltid litt vind oppe ved masta på Strengen. Nedover valgte vi å gå litt austover over toppen, og ned det som etter kvart har vårte ei populær nedkøyring frå Strengen. Ein del spor her allerede da vi ikkje var så tidleg ute, men framleis urørt snø å finne - alldeles perfekt, lett puddersnø og sette svingar i. Ned att til bilen saman med ei synkande vintersol, og nydeleg januarlys. Med på turen var Eystein >>>
Syltnebba
- Dato:
- 28.12.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 1:38t
- Distanse:
- 7,0km
Sesongens andre randoneetur gjekk i tospann langs skogsvegen opp til Syltnebba. Fin snø og gode forhold.
Løålikjølen
- Dato:
- 27.12.2021
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 1:02t
- Distanse:
- 10,5km
Sesongens første skitur gjekk opp til Løålikjølen i formidabelt romjulsvær. Litt trå snø, men vakre forhold og etter kvart bra med folk i løypa.