Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (152)
-
Skitur (50)
- Langrennstur (15)
- Randonnée/Telemark (27)
Favoritturer
Favorittopper
Neådalssnota frå Storlidalen
- Dato:
- 27.03.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 27,0km
Forfattarens debut i Storlidalen skulle by på intet mindre enn bestigning av sjølvaste Neådalssnota på ski - ein ikkje ubetydelig tur uavhengig av kor ein startar frå, ei heller frå Oppdal. Med guiding frå ranheimslosen og lokale krefter var det derimot liten bekymring for at turen skulle bli noko anna enn storveies. Rett i arbeid opp frå Storli parkering og innover Storbekkdalen. Opp til skaret mellom Storbekkhøa og Halsbekkhøa fekk vi beskue dagens store mål for første gong. Konklusjonen blei at det framleis var nokre stavtak att før ein var framme. På med utforoppsett og ned til den vestre enden av Sprikltjønnin. Hardt føre og flatt lys gjorde nedkøyringa heller beskjeden, og vi frykta for at sola som var lova oss skulle utebli også resten av dagen. Toppen byrja etter kvart >>>
Strengen
- Dato:
- 13.03.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 8,4km
Ein vakker laurdag som utarta seg akkurat slik vi hadde venta; heller begredelige kjøreforhold, men vakkert vêr og og perfekt føre for å sitte å bråne i ein solvegg. Opp i t-skjorte og solkrem, før vi frå toppen manøvrerte oss ned på harde snøbølger til ein rabb nokre meter under toppen. Her blei det spada ut ein sofa kor vi fekk slått i hjel eit par timer i god påskestemning. Nedkøyring på marginalt bedre forhold no når sola hadde fått litt ekstra tid på å behandle snøen.