Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Blånipa/Smylmedalsegga

Dato:
24.04.2022
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:57t
Distanse:
15,8km

Starta ved tunnelen ved Ramsdalsheia og fulgte etter nokre skispor opp til toppen. Eg bomma litt på oppstiginga og kom på toppen vestfra. Då eg skulle nedatt fann eg ut at det var tross alt den beste ruta for meg. Akkurat passe bratt/slak. Siste delen var snøen ganske blaut, men det gjekk greitt likevel.

Kart    

Fauskevarden og Skinnbroka

Dato:
20.04.2022
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:20t
Distanse:
7,6km

Tok med søsteren og dei nye skia mine på tur til Fauskevarden og tok sjansen på at føret var noko betre enn sist eg skulle teste dei nye skia mine. Føret var ikkje noko å sei på denne dagen. Eg vert nok ikkje noko superløpar ned bakkane uansett, men vi kom oss ned med skia på og på vår måte. Vi funderte egentleg litt på om det er fleire av oss som ikkje lagar dei galante svingane nedover bakkane. Her går det meir i sikk sakk og sakte, men sikkert kjem vi oss ned bakkane vi også. Og min konklusjon: Ja, vi er ein del som liker å gå på ski oppover, men vil helst at det skal gå roleg for seg nedover. Og det er absolutt ikkje noko gale i det!

Kart    

Skitur på gamle trakter

Dato:
18.04.2022
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:53t
Distanse:
14,0km

Starta ved Instebø, eller Plassen, som vi kaller det. I vant driv opp mot Rypehogen og vidare opp mot Oksekleivheia. Dette er område eg vil påstå eg kjenner godt. Fann ut at eg skulle prøve med ned mot Yndestadstølen, sidan det ikkje var så langt frå Oksekleivheia. Fint ned mot Yndestadstølen og sette nasen tilbake mot Rypehogen og ned via Åsstølen. Orka ikkje turen innom Antonstien, sidan den er litt skrade. Så då vart det ned til Friborgstølen og tilbake til bilen. Ein prima tur med sol og nesten vindstille.

Kart    

Steinegga på ski

Dato:
31.03.2022
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:49t
Distanse:
10,9km

Flott føre og flott tur. Men eg må innrømme at eg ikkje er noko glad i fart og ikkje i bratte nedoverbakkar. Synest det er fint med motbakke og slake nedrenn.

Kart    

Fauskevarden på nye ski

Dato:
28.03.2022
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:06t
Distanse:
6,3km

I helga gjorde eg innkjøp av nye fjellski og mandagen fann eg ut eg kunne prøve dei på ein relativt lett og kjent tur. Så Fauskevarden var valet. Vel.... blanding av skarde og litt laussnø. Bra med vind på toppen gjorde at turen ikkje vart fullt så lett som eg hadde tenkt meg. Men skia er betre enn mine gamle fjellski. Ettersom den brattaste bakken hadde hard skare, fann eg det betre å ta av meg skia og spasere ned den brattaste bakken.... Ja, eg er ei pyse, men eg kom meg ned i alle fall. :)

Kart    

Fauskeløypa og Gjøsetstølen

Dato:
21.02.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:28t
Distanse:
18,1km

fine løyper og solskinn, kan det bli betre????

Kart    

Gjøset

Dato:
06.02.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:36t
Distanse:
11,5km

Heilt greitt vær, sjølv om det ikkje var strålande. Starta på stadion og la i veg mot Gjøset. Ante at det kunne bli ein tung tur, sidan det ikkje var oppkøyrte løyper. Krangla meg gjennom laussnø denne runda.

Kart    

Sunnfjordbjørnen ++

Dato:
29.05.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
8:50t
Distanse:
23,5km

Endeleg stemte været og endeleg hadde eg mulighet til å ta turen på Sunnfjordbjørnen. Parkerte tvers over vegen for Utsikten og la i veg oppover. Litt lite snø i starten og eg måtte bære skia eit par plassar. Blandt anna det siste stykket opp til vardeggi. Skiføret var bra, men det merkast at det er varmt i været. Tok turen oppom Gottophesten på veg nedatt.

Kart    

Klungeren

Dato:
16.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:41t
Distanse:
9,8km

Kart    

Fauskevarden med påskefølelsen

Dato:
11.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:52t
Distanse:
5,9km

Av og til er følelsen at ein treff på turmålet og det meste stemmer. Nesten aleine på parkeringsplassen då eg starta. Men nokon hadde vore før meg opp, slik at det var berre å følgje spora oppover. I dag var det ein slik følelse. Ein virkelig fin påskefølelse med sola som varmar på veg opp. Litt vind på toppen gjorde at det ikkje vart lang stopp på toppen. Det var fullt på parkeringsplassen då eg kom nedatt og kø til å komme inn for å parkere. Eg trur nok nokon var glade for at dei kunne bruke parkeringsplassen min då eg for.

Kart