Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1770)
- Bergtour (1315)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (441)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Blånipa/Smylmedalsegga
- Datum:
- 24.04.2022
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 3:57h
- Entfernung:
- 15,8km
Starta ved tunnelen ved Ramsdalsheia og fulgte etter nokre skispor opp til toppen. Eg bomma litt på oppstiginga og kom på toppen vestfra. Då eg skulle nedatt fann eg ut at det var tross alt den beste ruta for meg. Akkurat passe bratt/slak.
Siste delen var snøen ganske blaut, men det gjekk greitt likevel.
Fauskevarden og Skinnbroka
- Datum:
- 20.04.2022
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 2:20h
- Entfernung:
- 7,6km
Tok med søsteren og dei nye skia mine på tur til Fauskevarden og tok sjansen på at føret var noko betre enn sist eg skulle teste dei nye skia mine. Føret var ikkje noko å sei på denne dagen.
Eg vert nok ikkje noko superløpar ned bakkane uansett, men vi kom oss ned med skia på og på vår måte. Vi funderte egentleg litt på om det er fleire av oss som ikkje lagar dei galante svingane nedover bakkane. Her går det meir i sikk sakk og sakte, men sikkert kjem vi oss ned bakkane vi også. Og min konklusjon: Ja, vi er ein del som liker å gå på ski oppover, men vil helst at det skal gå roleg for seg nedover. Og det er absolutt ikkje noko gale i det!
Skitur på gamle trakter
- Datum:
- 18.04.2022
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 3:53h
- Entfernung:
- 14,0km
Starta ved Instebø, eller Plassen, som vi kaller det. I vant driv opp mot Rypehogen og vidare opp mot Oksekleivheia. Dette er område eg vil påstå eg kjenner godt. Fann ut at eg skulle prøve med ned mot Yndestadstølen, sidan det ikkje var så langt frå Oksekleivheia.
Fint ned mot Yndestadstølen og sette nasen tilbake mot Rypehogen og ned via Åsstølen. Orka ikkje turen innom Antonstien, sidan den er litt skrade. Så då vart det ned til Friborgstølen og tilbake til bilen. Ein prima tur med sol og nesten vindstille.
Steinegga på ski
- Datum:
- 31.03.2022
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 2:49h
- Entfernung:
- 10,9km
Flott føre og flott tur.
Men eg må innrømme at eg ikkje er noko glad i fart og ikkje i bratte nedoverbakkar. Synest det er fint med motbakke og slake nedrenn.
Fauskevarden på nye ski
- Datum:
- 28.03.2022
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 2:06h
- Entfernung:
- 6,3km
I helga gjorde eg innkjøp av nye fjellski og mandagen fann eg ut eg kunne prøve dei på ein relativt lett og kjent tur. Så Fauskevarden var valet. Vel.... blanding av skarde og litt laussnø. Bra med vind på toppen gjorde at turen ikkje vart fullt så lett som eg hadde tenkt meg. Men skia er betre enn mine gamle fjellski. Ettersom den brattaste bakken hadde hard skare, fann eg det betre å ta av meg skia og spasere ned den brattaste bakken.... Ja, eg er ei pyse, men eg kom meg ned i alle fall. :)
Fauskeløypa og Gjøsetstølen
- Datum:
- 21.02.2022
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 2:28h
- Entfernung:
- 18,1km
Gjøset
- Datum:
- 06.02.2022
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 2:36h
- Entfernung:
- 11,5km
Heilt greitt vær, sjølv om det ikkje var strålande. Starta på stadion og la i veg mot Gjøset. Ante at det kunne bli ein tung tur, sidan det ikkje var oppkøyrte løyper. Krangla meg gjennom laussnø denne runda.
Sunnfjordbjørnen ++
- Datum:
- 29.05.2021
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 8:50h
- Entfernung:
- 23,5km
Endeleg stemte været og endeleg hadde eg mulighet til å ta turen på Sunnfjordbjørnen. Parkerte tvers over vegen for Utsikten og la i veg oppover. Litt lite snø i starten og eg måtte bære skia eit par plassar. Blandt anna det siste stykket opp til vardeggi. Skiføret var bra, men det merkast at det er varmt i været. Tok turen oppom Gottophesten på veg nedatt.
Fauskevarden med påskefølelsen
- Datum:
- 11.04.2021
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 1:52h
- Entfernung:
- 5,9km
Av og til er følelsen at ein treff på turmålet og det meste stemmer.
Nesten aleine på parkeringsplassen då eg starta. Men nokon hadde vore før meg opp, slik at det var berre å følgje spora oppover.
I dag var det ein slik følelse. Ein virkelig fin påskefølelse med sola som varmar på veg opp. Litt vind på toppen gjorde at det ikkje vart lang stopp på toppen.
Det var fullt på parkeringsplassen då eg kom nedatt og kø til å komme inn for å parkere. Eg trur nok nokon var glade for at dei kunne bruke parkeringsplassen min då eg for.