Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1813)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Nesten Mulen i Bremanger
- Dato:
- 01.05.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:57t
- Distanse:
- 7,3km
Eg starta med godt mot og rekna med det ikkje skulle være så mykje snø ettersom toppen ligg ute med kysten ( i alle fall nesten)
Kom meg opp på ryggen, og etter kvart som eg kom lenger opp var det meir og meir snø. Men ikkje verre enn at eg kunne gå. Litt sleipt her og der.
Stoppa ca 300 meter før toppen rett og slett på grunn av sprekken i fjellet. Som var ganske djup. Og det som sikkert er ein OK plass å komme seg over, var dekt med snø.
Eg fann difor ut at her var det best å snu ettersom eg var aleine på turen også. Det gjeld å ikkje ta sjansar. Mulig eg tar ei anna rute, som går meir rett opp neste gong.
Dumbetinden og Ulvegreina
- Dato:
- 30.04.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:47t
- Distanse:
- 11,5km
Med litt sludd og snø heime og atydning til opplett i Solund, tok eg sjansen på ein tur utover dit. Parkerte ved bommen og gjekk oppover vegen. Tok av vegen ved skilting til Dumbetinden. Fulgte merka rute. Litt snø gjorde stien litt mindre tydeleg, men ikkje umogleg å følgje. Opp på ryggen mot Dumbetinden var det lettgått terreng. Flott utsikt på toppen. men noko vind gjorde at det kun vart ein kort stopp. Tilbake til vegen og fulgte den eit stykke til eg såg det kunne være greitt å sikte seg inn på Ulvegreina. Ein kort stopp der, før eg gjekk rett over til Ulvegreina mast. På grunn av isfall frå antenna fann eg ut at eg ikkje skulle stå der så lenge. Forrige gong eg var på Ulvegreina, var det tåke og null utsikt. Endeleg fekk eg sjå utsikta også.
Fulgte vegen ned til merka >>>
Blåene
- Dato:
- 20.04.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:23t
- Distanse:
- 4,1km
Vindstille på Naregga
- Dato:
- 19.04.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:25t
- Distanse:
- 7,2km
Starta oppe ved tunellen etter Helle. Og gjekk opp ruta eg tidlegare har gått. Ein del tre i vegen opp til skaret. Traff på nokre turgåarar ved skaret og la merke til at dei gjekk ned mot andre enden av tunellen. Kanskje det er der eg vel å gå neste gong?
Fann ut eg skulle ein tur via Bakkestølen før eg tok ruta derfra opp til toppen. Litt blautt bort til Bakkestølen. Men ellers greitt å gå.
Kunne nyte finværet og sola før retur via den ordinære stien.
Hatlesetnipa
- Dato:
- 18.04.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:06t
- Distanse:
- 6,7km
Heilevangssstølen
- Dato:
- 17.04.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:20t
- Distanse:
- 5,4km
Blåfjellet i Askvoll
- Dato:
- 16.04.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:53t
- Distanse:
- 8,1km
Fint vær denne dagen også. tørr og fin sti. Vind på toppen, men rett nedanfor Blåfjellet var det stille nok til at eg kunne nyte lunsjen min med sol og flott utsikt. Fann ut at det ikkje var så frykteleg langt til neste topp, så eg tok ein tur via Eggene/Siktanuten.
På returen tilbake var det varmt og fint og med fuglekvitter. ein skikkelig vårfølelse.
Hesjetinden og Bergsheia
- Dato:
- 15.04.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:30t
- Distanse:
- 10,0km
Starta frå Mørketjønnbotnen og fulgte merka rute opp mot Hesjetinden. Over til Bergsheia var det lite/ingen merking og ikkje nokon tydeleg sti. Fann ein meir eller mindre sti tilbake til Hesjetinden. Tydeleg sti ned til dagsturhytta. Merkt frå dagsturhytta tilbake til bilen. Det siste stykket var stort sett myrete og ikkje noko for småsko.
Nydeleg vær denne dagen og betre enn værmeldingane har meldt .
Hestvikvatnet
- Dato:
- 14.04.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:52t
- Distanse:
- 5,2km
Formen har ikkje vore den beste dei siste dagane, så det har vore eit par findagar utan tur. Prøvde i dag på ein lett og fin tur opp forbi den berykta Hunsåna. Stien går over berget som er eit av norges mest rasfarlege vegstrekningar. Då eg gjekk der, så såg eg kor bratt det er ned fjellsida ned mot fylkesvegen. Og fleire tre har kvelva i bakken.
Høyrte også fleire mindre ras av snø opp i Helevangsstaurane. ruta går i trygg avstand frå rasa, men likevel ganske nær fjellet. Nede ved Hestvika traff eg på ein saueflokk med lam. Det er alltid litt kjekt å sjå dei spretne lamma når dei først kjem ut på beite.