Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Haukånipa

Datum:
20.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:51h
Entfernung:
9,7km

Etter ei lang veke med førebuing til skulestart og valkamp, var det på tide med ein litt lenger fjelltur. Fann ut at det var ei stund sida eg hadde vore på Haukånipa, så då vart valet der. Flott tur og enda flottare utsikt. Returen gjekk ned via Gulskarlivatnet.

Karte    

Steiafjellet

Datum:
19.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:49h
Entfernung:
5,8km

Snart skulestart for elevane som skal komme på mandag. Det betyr at det ikkje alltid passar like godt med ein fjelltur på kvelden. I tillegg er det valkamp, som betyr at laurdagane går med til å stå på stand. I dag vart det stand på Sande og då nytta eg muligheten til å ta ein tur på Steiafjellet etterpå. Litt regn inn i skogen, men dette gav seg etter ei kort tid. Mykje vind på toppen, så det vart berre ein liten stopp for å ta eit par bilder. Etter det eg veit, skal det gå ei rute ned på andre sida, men eg tok ikkje sjansen til å prøve ut på grunn av usikkert vær.

Karte    

Hornet

Datum:
13.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:25h
Entfernung:
18,9km

Parkerte ved parkeringslomme ca 200m frå vegen der stien starta. Fulgte vegen opp og vidare på traktorveg opp til Hamnnessætra. Derfrå vidare på sti opp til Hornet. Fann ut eg skulle prøve å gå vidare og fulgte merka rute. Utfordringa var at eg etter kvart fann ut at eg var litt på "ville vegar" forbi Nova, den merkinga som gjekk til venstre var nok ein litt anna plass enn eg hadde tenkt meg. Etter litt "knoting" opp og ned, gjekk eg opp igjen til Nova og fann stien ned skaret. Så konklusjonen min vart at eg anbefaler å gå på skrå ned på høgre side av Nova. Der var det greitt merka. Sikta meg inn på Grønskrednyken og vidare på Bjørnaskarnakken. Fulgte betre med på returen og fulgte (nesten) merka rute tilbake til Hornet og ned til bilen. Det regnet som >>>

Karte    

Tarvaldsegga

Datum:
12.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:28h
Entfernung:
4,2km

Det er valkamp og då vert det ikkje alltid like mykje tid til å gå dei lange gode turane. Mannen fiksa bilen, slik at det er mogleg å overnatte i den. I alle fall for meg som ikkje er så fryktelig lang. Hadde difor sett meg ut at været ikkje skulle være så verst i Selje på kveldstid. Og ikkje så verst i Nordfjord på søndagen. Eg såg an til at Tarvaldsegga ikkje skulle være så lang tur, så eg tok sjansen på å få med meg solnedgangen. Men etter kvart som eg køyrde nordover, var været ikkje heilt på topp. Då eg parkerte var det litt yr, men eg tok sjansen. Litt blautt oppover lia, men yret gav seg og sola kom meir og meir fram etter kvart som eg gjekk oppover. Greitt å gå, litt bratt opp trappa. Flott utsikt frå toppen. Gjekk via Orren nedatt. Anbefaler å bruke sko >>>

Karte    

Fuglefjellet

Datum:
11.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
4,0km

Fin tur med søsteren.

Karte    

Vardetur

Datum:
06.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:13h
Entfernung:
11,4km

Denne turen har eg sett på lenge ettersom eg har vore ein del i området utan å ta turen. Parkerte bilen rett ved eit busstopp og rett ved sto skiltet om vardetur. Fulgte ruta som står på ut.no. Denne gjekk blandt anna opp ein sti, som var litt bratt, men overkommelig. Fulgte vidare merka rute mot Flogefjellet og Flolifjellet. Denne gjekk oppover lia. Greitt å gå, men litt smal sti enkelte stader. Hadde det ikkje vore skog nedafor, så hadde det nok kjentes litt luftig. Kom opp på høgda og hadde fin utsikt blandt anna mot Eivindvik. Der var det ein varde og eit skilt om Flolifjellet og litt om historia til Gulatinget. Hadde ein liten matrast før eg gjekk vidare mot Flolifjellet, der var ingen varde. Fulgte ruta litt nedover mot lia før den gjekk opp til Svabergfjellet. På Svabergfjellet >>>

Karte    

Ørneklumpen

Datum:
05.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:22h
Entfernung:
7,2km

Tok ein repetisjon av turen eg hadde med turlaget for nokre år sidan. Fint å gå rundt med god utsikt.

Karte    

Stillebåen

Datum:
04.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:32h
Entfernung:
6,5km

Starta ruta som eg hadde gått tidlegare. stien er relativt tydeleg, men ikkje så godt merka. Midt oppi bakken var det ein del tre som hadde velta, så eg måtte kare meg gjennom. Desse hadde nok velta på grunn av ein veg det ser ut til at dei held på å bygge. Opp med Keipevatnet fann eg blåmerka, men desse gjekk ikkje til toppen på Stillebåen. Det var likevel merka med vardar frå Keipevatnet og opp. På veg nedatt fann eg ut at eg skulle prøve å følge den blåmerka stien ned. Den var greitt merka, men tydeleg ikkje så mykje brukt, sidan den er til dels gjengrodd eit stykke ned. Denne stien gjekk heilt ned til Sildevika. Gjekk vegen oppigjen til stistart. Neste gong vert det kanskje stien opp og ned. Vindfullt på toppen.

Karte    

Strandanipa

Datum:
03.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
11,3km

Flott tur med kollegaer

Karte    

Svorstølsheia

Datum:
02.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:03h
Entfernung:
9,2km

Fulgte god sti oppover. Eit lite parti som er bratt, ellers lett og fin sti å gå. Stien er ikkje så veldig godt merka i starten, men det er traktorveg, så det er ikkje så vanskeleg å finner fram. Prøvde å gå rett ned. Der var ikkje sti og anbefalast ikkje.

Karte