Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Hafstadstølen

Dato:
10.08.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:38t
Distanse:
8,3km
Kart    

Gulakvila

Dato:
06.08.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:27t
Distanse:
1,5km

Ein liten bonustur i dag.

Kart    

Kolåsfjellet og Vardebu

Dato:
26.07.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:16t
Distanse:
4,3km

Siste turen denne solskinnsdagen. Fulgte ruta opp til Vardebu. På veg opp traff vi på ein svært hyggelig mann som fortalte litt om området og utsikta. Han kjente godt til historien om dagsturhyttene i Hordaland og arbeidet som er gjort for å få hyttene på plass. Kjekt å treffe på lokalkjente og få litt historie på kjøpet. Turen vår gjekk vidare til Kolåsfjellet der vi såg ned på andre sida, blandt anna mot Masfjordnes. Stien frå Vardebu til Kolåsfjellet er tilrettelagt slik at vi slapp å bli våt på beina. Joggesko hadde vore heilt greitt skotøy. Nydeleg solskinnsdag med tre av dagsturhyttene. Fekk snap med bilde heimafrå der været ikkje akkurat var strålande. Dette gjorde ekstra godt med tanke på val av plass å være denne dagen. Vi hadde tenkt oss på overnatting >>>

Kart    

Litlåsfjellet

Dato:
26.07.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:16t
Distanse:
1,1km

Parkerte der vi såg det kunne parkerast og gjekk opp vegen. Toppunktet ligg nokre få meter frå vegen. Ikkje akkurat panoramautsikt. Men grei tur.

Kart    

Vardetangen

Dato:
26.07.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:26t
Distanse:
2,0km

Eg var her for eit par år sidagn i lag med mi datter. Denne gongen ønskte min mann at vi skulle ta turen, sidan han har ønskje om å besøke flest moglege dagsturhytter og at det er kjekt at vi kan ha eit felles prosjekt. Turen bort er lettgått og tilrettelagt for barnevogn. Nydeleg solskinnsdag.

Kart    

Fedjebjørnen

Dato:
26.07.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:13t
Distanse:
0,8km

Ettersom vi tok turen ut til Fedje og høgste toppen ikkje akkurat var noko slit, så blei det ein tur på Fedjebjørnen. Grei sti til topps, ikkje akkurat noko stort slit. Utsikta var ikkje noko å klage på. Flotte nøkkeroser i tjerna på Fedje.

Kart    

Aurihophytta

Dato:
26.07.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:44t
Distanse:
2,4km

Starta frå Førde tidleg denne dagen for å besøke nokre dagsturhytter (i tillegg til eit par toppar) Nydeleg ver og tendensar til varmt, sjølv på Fedje.

Kart    

Viestølen

Dato:
24.07.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
7,2km

Kart    

kjerrgardstårnet

Dato:
18.07.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:52t
Distanse:
2,8km

Siste turen denne dagen. Lett fottur langs lysløypa. Merkt opp til tårnet.

Kart    

Grøntua

Dato:
18.07.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:06t
Distanse:
0,6km

Lett tur opp turvegen. Lett stigning opp til toppen.

Kart