Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1895)
Hamrestølen
- Date:
- 15.10.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:45h
- Distance:
- 8.7km
Litt usikker på om det frista med tur i dag. Men antydning til sol gjorde at eg blei frista nok til å komme meg på luftetur. Valet vart ein tur med grusveg ettersom det har regna bra den siste veka. Det regna bra på veg til utgangspunktet for turen. Men då heg parkerte letta det og det var antydning til sol. Turen starta gjennom ei grind. Og ved den grinda var kart med oversikt over masse ultralokale stadnamn i området. Ruta gjekk på relativ grei grusveg og etter kvart kom det litt regn og så snø. Fin regnværstur dette.
Tur på Røros
- Date:
- 10.10.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:47h
- Distance:
- 8.0km
Ei lita vandring i Røros, inklusive blandt ørkenvandring. Vel... det er visst ikkje tørt nok til å kalle det ørken, men det er sand. Kvitsanden er eit fascinerande fenomen. Det er 0,4 kvadratkm med flygesand rett ved Røros sentrum.
Klettaflora
- Date:
- 02.09.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:01h
- Distance:
- 3.4km
Det er framleis valkamp og dermed ein del arrangement eg er med på no før valet. Stand i Førde med potetløp, der vi vann første runde. Det endte med at vi måtte ta ei runde til med "handicap", der ein av deltakarane måtte springe baklengs i andre runde. Vi vann ikkje, men kom på 2.plass av partia.
Det gjekk vidare til stafett i Bygstad i forbindelse med opninga av Bygstadhallen. Dei har verkeleg fått seg ein flott hall. Ikkje overraskande, så vann ikkje vi, men vi kom på 2.plass blandt politikarlaga. Etter Helse-Førdestafetten, hadde eg lært at det var lurt å varme litt opp før eg set i gang. Då det var min tur gjekk konkurranseinstinktet amok og det var berre å springe. Litt irriterande då at ein unge kom rett bak meg og sprang som eit olja lyn forbi meg.... jaja, >>>
Gulakvila
- Date:
- 06.08.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:27h
- Distance:
- 1.5km
Kolåsfjellet og Vardebu
- Date:
- 26.07.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:16h
- Distance:
- 4.3km
Siste turen denne solskinnsdagen.
Fulgte ruta opp til Vardebu. På veg opp traff vi på ein svært hyggelig mann som fortalte litt om området og utsikta. Han kjente godt til historien om dagsturhyttene i Hordaland og arbeidet som er gjort for å få hyttene på plass. Kjekt å treffe på lokalkjente og få litt historie på kjøpet. Turen vår gjekk vidare til Kolåsfjellet der vi såg ned på andre sida, blandt anna mot Masfjordnes. Stien frå Vardebu til Kolåsfjellet er tilrettelagt slik at vi slapp å bli våt på beina. Joggesko hadde vore heilt greitt skotøy.
Nydeleg solskinnsdag med tre av dagsturhyttene.
Fekk snap med bilde heimafrå der været ikkje akkurat var strålande. Dette gjorde ekstra godt med tanke på val av plass å være denne dagen. Vi hadde tenkt oss på overnatting >>>
Litlåsfjellet
- Date:
- 26.07.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:16h
- Distance:
- 1.1km
Parkerte der vi såg det kunne parkerast og gjekk opp vegen. Toppunktet ligg nokre få meter frå vegen.
Ikkje akkurat panoramautsikt. Men grei tur.
Vardetangen
- Date:
- 26.07.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:26h
- Distance:
- 2.0km
Eg var her for eit par år sidagn i lag med mi datter. Denne gongen ønskte min mann at vi skulle ta turen, sidan han har ønskje om å besøke flest moglege dagsturhytter og at det er kjekt at vi kan ha eit felles prosjekt.
Turen bort er lettgått og tilrettelagt for barnevogn. Nydeleg solskinnsdag.
