Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1877)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Hornet
- Dato:
- 13.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:25t
- Distanse:
- 18,9km
Parkerte ved parkeringslomme ca 200m frå vegen der stien starta. Fulgte vegen opp og vidare på traktorveg opp til Hamnnessætra. Derfrå vidare på sti opp til Hornet. Fann ut eg skulle prøve å gå vidare og fulgte merka rute. Utfordringa var at eg etter kvart fann ut at eg var litt på "ville vegar" forbi Nova, den merkinga som gjekk til venstre var nok ein litt anna plass enn eg hadde tenkt meg. Etter litt "knoting" opp og ned, gjekk eg opp igjen til Nova og fann stien ned skaret. Så konklusjonen min vart at eg anbefaler å gå på skrå ned på høgre side av Nova. Der var det greitt merka. Sikta meg inn på Grønskrednyken og vidare på Bjørnaskarnakken. Fulgte betre med på returen og fulgte (nesten) merka rute tilbake til Hornet og ned til bilen. Det regnet som >>>
Tarvaldsegga
- Dato:
- 12.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:28t
- Distanse:
- 4,2km
Det er valkamp og då vert det ikkje alltid like mykje tid til å gå dei lange gode turane.
Mannen fiksa bilen, slik at det er mogleg å overnatte i den. I alle fall for meg som ikkje er så fryktelig lang. Hadde difor sett meg ut at været ikkje skulle være så verst i Selje på kveldstid. Og ikkje så verst i Nordfjord på søndagen. Eg såg an til at Tarvaldsegga ikkje skulle være så lang tur, så eg tok sjansen på å få med meg solnedgangen. Men etter kvart som eg køyrde nordover, var været ikkje heilt på topp. Då eg parkerte var det litt yr, men eg tok sjansen. Litt blautt oppover lia, men yret gav seg og sola kom meir og meir fram etter kvart som eg gjekk oppover.
Greitt å gå, litt bratt opp trappa. Flott utsikt frå toppen. Gjekk via Orren nedatt.
Anbefaler å bruke sko >>>
Fuglefjellet
- Dato:
- 11.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:00t
- Distanse:
- 4,0km
Gulakvila
- Dato:
- 06.08.2023
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:27t
- Distanse:
- 1,5km
Vardetur
- Dato:
- 06.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:13t
- Distanse:
- 11,4km
Denne turen har eg sett på lenge ettersom eg har vore ein del i området utan å ta turen. Parkerte bilen rett ved eit busstopp og rett ved sto skiltet om vardetur. Fulgte ruta som står på ut.no. Denne gjekk blandt anna opp ein sti, som var litt bratt, men overkommelig. Fulgte vidare merka rute mot Flogefjellet og Flolifjellet. Denne gjekk oppover lia. Greitt å gå, men litt smal sti enkelte stader. Hadde det ikkje vore skog nedafor, så hadde det nok kjentes litt luftig.
Kom opp på høgda og hadde fin utsikt blandt anna mot Eivindvik. Der var det ein varde og eit skilt om Flolifjellet og litt om historia til Gulatinget. Hadde ein liten matrast før eg gjekk vidare mot Flolifjellet, der var ingen varde. Fulgte ruta litt nedover mot lia før den gjekk opp til Svabergfjellet. På Svabergfjellet >>>
Ørneklumpen
- Dato:
- 05.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:22t
- Distanse:
- 7,2km
Tok ein repetisjon av turen eg hadde med turlaget for nokre år sidan. Fint å gå rundt med god utsikt.
Stillebåen
- Dato:
- 04.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:32t
- Distanse:
- 6,5km
Starta ruta som eg hadde gått tidlegare. stien er relativt tydeleg, men ikkje så godt merka. Midt oppi bakken var det ein del tre som hadde velta, så eg måtte kare meg gjennom. Desse hadde nok velta på grunn av ein veg det ser ut til at dei held på å bygge.
Opp med Keipevatnet fann eg blåmerka, men desse gjekk ikkje til toppen på Stillebåen. Det var likevel merka med vardar frå Keipevatnet og opp.
På veg nedatt fann eg ut at eg skulle prøve å følge den blåmerka stien ned. Den var greitt merka, men tydeleg ikkje så mykje brukt, sidan den er til dels gjengrodd eit stykke ned. Denne stien gjekk heilt ned til Sildevika. Gjekk vegen oppigjen til stistart. Neste gong vert det kanskje stien opp og ned. Vindfullt på toppen.
Strandanipa
- Dato:
- 03.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:30t
- Distanse:
- 11,3km
Svorstølsheia
- Dato:
- 02.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:03t
- Distanse:
- 9,2km
Fulgte god sti oppover. Eit lite parti som er bratt, ellers lett og fin sti å gå. Stien er ikkje så veldig godt merka i starten, men det er traktorveg, så det er ikkje så vanskeleg å finner fram.
Prøvde å gå rett ned. Der var ikkje sti og anbefalast ikkje.
