Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1877)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Liafjellet i Naustdal
- Dato:
- 08.04.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:45t
- Distanse:
- 6,9km
Køyrte litt opp forbi Gullbrua og parkerte ved bommen. Fulgte "Solsidevegen" ca 1,5 km før eg fulgte traktorvegen til endes. Det skulle være sti derfra, men snøen dekte til der stien starta. Delvis snø og delvis barmark resten. Snøen har nok blitt noko blautare den siste dagen, men eg kom meg opp stort sett oppå snøen. Flott utsikt på nokre av plassane på veg opp.
Halbrendsnipa
- Dato:
- 06.04.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 9,6km
Broddetur til Halbrendsnipa. Litt våt snø gjorde at broddane blei kladda med snø stort sett heile vegen. Hadde sikkert vore greitt utan broddar også. Nydeleg vær.
Midtbøfjellet
- Dato:
- 29.03.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:38t
- Distanse:
- 1,9km
Etter turen på Veten var eg ikkje heilt klar for heimreise. Så då blei det ein rask tur opp til Midtbøfjellet også. Stien er bratt, men grei å gå.
Veten, Byrknesøy
- Dato:
- 29.03.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:23t
- Distanse:
- 8,1km
Eg og mannen tok oss tur til Gulen og Byrknesøy denne langfredagen. Vi skulle følge ruta som var beskrive på ut.no til Veten og parkerte ved parkeringsplassen. Vi starta oppstiginga og ante at dette var ein blautare sti enn eg hadde trudd. På toppen av Veten oppdaga vi at dei fleste gjekk opp ein heilt anna plass enn det som var beskrive på ut.no. Vi tok sjansen og fulgte den nedatt. Denne stien var mykje tørrare og finare enn ruta vi gjekk opp. Anbefaler difor sterkt å køyre til Gråvikvegen og parkere på ei parkeringslomme lenger sør. Då vil du spare deg for mykje blautmyr.
Nordevikstølen og Heiane
- Dato:
- 28.03.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:55t
- Distanse:
- 7,4km
Tenkte eg skulle prøve ut ruta som Indre Sunnfjord turlag hadde som ein av titurane i fjor. Heilt OK tur opp til Nordevikstølen og vidare til Nordevikstølsvatnet. Men ikkje så imponerande utsikt. Eg tok opp i lia vest for Nordevikstølsvatnet, der var det eit tråkk og nokre merker her og der. I underkant av ein km opp til toppen var det mykje betre utsikt. Eg reknar med at dei fleste kanskje hadde hatt betre glede av denne utsikta enn den nede ved vatnet.
Hornkollen
- Dato:
- 26.03.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:44t
- Distanse:
- 1,8km
Dagens tredje tur og fjerde topp. Vi parkerte på fergekaia og eg gjekk eit lite stykke bortover gjørme før eg fulgte eit tråkk oppover. Kort tur.
