Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Solheimsstølen

Dato:
07.12.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
3,5km

Tur for å lage sporing til ut-appen. Solheimsdalen har ikkje for mange turar som ligg registrert på ut. Det er på tide å få lagt inn ein innsjekk der også.

Kart    

Gytta

Dato:
03.12.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:45t
Distanse:
2,0km

Kart    

Halbrendsstølen... igjen

Dato:
02.12.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,9km

Inviterte med søsteren på tur til Halbrendsstølen. Etter gårsdagens regn, hadde mykje av isen smelta og det gjekk greitt å gå utan broddar.

Kart    

Halbrendsstølen

Dato:
01.12.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
3,9km

Fann ut eg måtte ta ein tur ut før regnet for alvor starta. Møtte eit par turgåarar som anbefalte å snu. Og grunnen var at heile vegen var polert med is. Det var likevel ikkje verre enn at eg gjekk langs grøfta og det gjekk heilt fint. Uansett var det ein fin start på adventstida.

Kart    

Morgontur i Bergen

Dato:
26.11.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
7,4km

Morgontrim før møtedag i Bergen.

Kart    

Kletten i Naustdal

Dato:
23.11.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:27t
Distanse:
1,1km

Kart    

Gravdalsholten

Dato:
19.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
3,9km

Kart    

Hafstadstølen

Dato:
18.11.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:46t
Distanse:
7,9km

Kart    

Sjønakletten

Dato:
17.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
3,3km

Nok ein regnværsdag i dag. Vi begynner snart å bli litt værsjuke av alt det regnværet som har komme denne hausten. Søsteren inviterte på tur og eg foreslo Sjønakletten ettersom det er litt mykje snø i høgda. Det var ein del sludd på vegen, men då vi parkerte hadde det nesten letta. Då vi kom gjennom skogen hadde det letta heilt og eg kjenner at humøret stig berre det sluttar å regne. Ein flott tur når været ikkje er det beste. Det er trass alt ein ganske tørr sti, sjølv om det har regna ein del i det siste. Absolutt ein prima tur på ein slik dag.

Kart    

Hafstadfjellet

Dato:
16.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:28t
Distanse:
10,4km

Etter ei natt med heftig regn, såg det an til at det gjekk å ta seg ein tur. Litt snø på vegen, men ikkje meir enn at det gjekk fint å gå. Ein del vind og hagl det siste stykket gjorde turen litt meir utfordrande. Litt skiftande vær gjorde at då eg kom på toppen var det ikkje akkurat så veldig flott utsikt, faktisk ingen utsikt i det heile. Flaksen var at då eg kom trygt nedatt i bilen starta lyn og torden

Kart