Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1770)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Hamnanova i full musikk
- Dato:
- 02.07.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 3,0km
I forbindelse med folkemusikkfestivalen hadde Indre Sunnfjord turlag tur til Dvergsdalsdalen og over fjella med ein konsert på Hamnanova.
Eg tilbydde meg å være sjåfør for musikaren i tillegg til tre journalistar frå Kina, Storbritania og Irland. I tillegg fekk eg spørsmål om å møte to turgåarar til som skulle slå følge frå parkeringsplassen og opp til Hamnanova. Ein av desse var nok ikkje van med å gå så mykje i motbakkar, ho sleit med motivasjonen, men kom seg opp til slutt.
Flott konsert på toppen i nydelege omgjevnader.
På veg heimatt blei det intimkonsert i bilen i tillegg til eit lite ønskje om å kjøle beina ned i Jølstravatnet. Absolutt ein fin dag med fine opplevingar.
Skredfjellet med DNT
- Dato:
- 01.07.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:00t
- Distanse:
- 9,7km
Hadde lova å være kjentkvinne opp til toppen av Skredfjellet. Kjekt å bli spurt og eg takkar sjelden nei til å være med på tur viss eg blir spurt. Yr meldte ikkje så mykje regn, men litt blei det. Ein del tåke på toppen, så her måtte vi til med GPS-spor for å få best mogleg rute. Eg har heller aldri tenkt at det var fleire elvar ein må krysse, mogleg er det fordi desse i utgangspunktet er ganske låge i godvær. Denne gongen måtte vi nesten vasse over fleire stader. Og tåka letta då vi kom nedatt. Av ein eller annan grunn verkar alt mykje klårare når tåka lettar. Fin tur med fine folk.
Skaranipa
- Dato:
- 30.06.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:48t
- Distanse:
- 5,9km
Storåsen og Lilleåsen
- Dato:
- 22.06.2025
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:42t
- Distanse:
- 3,5km
Ettersom det ikkje var så verst vær, så tok eg nokre mindre turar rundt i Florø
Først ein tur på Storeåsen og Lilleåsen. Deretter gjekk turen til Havreneset. Hadde så ein tur til Brendøya, der nokre fine lam (med mor) var plassert ut. Deretter ein liten dukkert i Sørstrand.
Absolutt ein fin dag med gode temperaturar.
Brandsøyåsen
- Dato:
- 22.06.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:45t
- Distanse:
- 3,8km
Litt fare for regn i dag. Tok difor ein tur til Florø for å få meg frisk luft der ute. Det er trass alt litt lettare å gå i regnvær når turen er lett.