Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Keipen

Datum:
21.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:54h
Entfernung:
16,8km

Reiste frå Førde om morgonen og parkerte. Det gjekk greitt innover første stykket. Men etter kvart så er stien brattare og tyngre å gå. Både på grunn av heten, men også på grunn av bratta. Opp forbi Gulleple, fekk eg litt vind noko som gjorde at turen vart betre. Flott utsikt både frå toppen vest for Bjørnabreen og frå Keipen.

Karte    

Nordheia

Datum:
20.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
3,9km
Karte    

Snøhetta

Datum:
19.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
12,9km

Endeleg passa det med tur til Snøhetta. Værmeldingane var gode og vi hadde tida. Vi tok bussen frå Hjerkinn til Snøheim om morgonen og starta turen. Alt såg veldig lovande ut. Etter kvart som vi nærma oss toppen starta toreværet ispedd litt regn. Ikkje akkurat hyggeleg stad å være i slikt vær. Ettersom eg hadde hatt denne på øskelista lenge, så var det ikkje eit alternativ å snu. Men haste opp og haste nedatt. Vi fekk akkurat litt tid til fotografering på toppen før vi kom oss nedatt. Nede i lia letta været og det var mogleg å sette seg ned for å nyte nista. Godt fornøgd med dagen, men skulle sett at toreværet hadde halde seg unna.

Karte    

Lassenipa

Datum:
17.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:43h
Entfernung:
13,9km

Nydeleg dag. Inviterte mannen på tur til Lassenipa. Sist eg gjekk den synest eg den var veldig fin og håpte at kanskje han og kunne få gleda av denne turen. Han kom seg neste på toppen. Men vi fann ein liten dusj, der vil fekk testa "trykket". Og trykket var bra det. Hærleg å kunne sitte å kjøle seg ned i varmen.

Karte    

Hafstadfjellet

Datum:
07.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:06h
Entfernung:
6,3km
Karte    

Nordheia

Datum:
06.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:36h
Entfernung:
4,2km

Fin tur med ein fin flokk. Mange på tur denne dagen.

Karte    

Gytta

Datum:
05.07.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:06h
Entfernung:
2,1km
Karte    

Fagrenipa

Datum:
04.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:37h
Entfernung:
9,5km

Nok ein litt blanda dag værdag. Starta med opplett for så å regne. Det ser ut til at kanskje denne sommaren også kjem til å "regne vekk". Men men. Det er vel lov å håpe at vi kanskje får nokre opplettsdagar lell. Tok sjansen på at det var ikkje for mykje nedbør og reiste ut til Vevring og opp Vassbotnen. Fulgte ruta eg har gått mot Håsteinen tidlegare opp til høgda på Kyrkesteinen. Fulgte ruta frå ut.no vidare austover mot Fagrenipa. Flott utsikt over Førdefjorden frå toppane. Frå den austlegaste toppen på Fagrenipa såg eg at det truleg var mogleg å sikte seg inn på ei rute som er stipla inn på Norgeskart mellom Åmotstølen og Vassbotnen. Stadvis tydeleg sti og stadvis litt mindre tydeleg. Blautt var det i alle fall. Heilt greitt å gå denne ruta, då sparte >>>

Karte    

Kvasshornet og Kårnyken - god timing

Datum:
03.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:54h
Entfernung:
18,7km

Det blei litt fram og tilbake denne dagen. Værmeldingane var ikkje heilt klare på kva været skulle være. Men eg valte å stole på Yr, som var det mest optimistiske. Starta med nokonlunde fint vær ved parkeringsplassen. Fin og tydeleg sti oppover mot Sætredalsvatnet. Nokre dropar regn kom, men ikkje meir enn at eg tålte det. Fulgte vidare delvis merkt sti oppover mot dalen mot Svoregga og Rundehogen. Oppe på høgda var det meir klønete å finne noko sti og den vart meir og meir utydeleg. Så her måtte eg følge med på kart og magefølelsen. Fann ut at eg ville gå på Kvasshornet først i håp om at tåka skulle lette på Kårnyken. På toppen av Kvasshornet var det tåke. Men i det eg stod der, så letta tåka, slik at eg likevel fekk litt utsikt. Jammen flaks. Tåka hang framleis >>>

Karte    

Hamnanova i full musikk

Datum:
02.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
3,0km

I forbindelse med folkemusikkfestivalen hadde Indre Sunnfjord turlag tur til Dvergsdalsdalen og over fjella med ein konsert på Hamnanova. Eg tilbydde meg å være sjåfør for musikaren i tillegg til tre journalistar frå Kina, Storbritania og Irland. I tillegg fekk eg spørsmål om å møte to turgåarar til som skulle slå følge frå parkeringsplassen og opp til Hamnanova. Ein av desse var nok ikkje van med å gå så mykje i motbakkar, ho sleit med motivasjonen, men kom seg opp til slutt. Flott konsert på toppen i nydelege omgjevnader. På veg heimatt blei det intimkonsert i bilen i tillegg til eit lite ønskje om å kjøle beina ned i Jølstravatnet. Absolutt ein fin dag med fine opplevingar.

Karte