Snønipa - 1826moh
|
|
© Sondre Kvambekk |
||||||||||||||||||||||||
Innhold | |
---|---|
Språk | |
Fadder | 500fjell - Ta kontakt med 500fjell for spørsmål i forbindelse med artikkelen. |
Statistikk |
Registrer en bestigning av Snønipa. Totalt 91 medlemmer har registrert 132 bestigninger av Snønipa. Snønipa inngår i 35 lister. |
Kart
Vær for Snønipa
Denne tjenesten er i øyeblikket ikke tilgjengelig.
Innledning
Snønipa er det høgaste fjellet i Jølster kommune og Gloppen kommune og 1827 meter høgt. Fjellet ligg på vestsida av Jostedalsbreen i den bredelen som heiter Myklebustbreen (Snønipbreen), på grensa mellom Jølster, Gloppen og Stryn. Snønipa er ein såkalla nunatak, dvs. eit fjell som stikk opp gjennom ein isbre. Ho er den høgaste delen av Myklebustbreen som med 57 kvadratkilometer er rekna som den sjuande største breen i Noreg utan om Svalbard. Frå toppen har ein særs flott utsikt over Myklebustbreen sine kvite flater og mot Jostedalsbreen i aust.
Atkomst
a) Frå sør: Standardruta er frå Stardalen der det går kjerreveg opp Haugadalen til Haugastaulen (merka sti vidare gjennom Oldeskaret til Oldendalen). Ca. 1 km innanfor Haugastaulen forlet ein ruta mot Oldeskaret, og ein går opp til tunga på Haugabreen og opp denne. Hugs at om ein skal gå på dalbreen Haugabreen, då trengs breutstyr. Ein går forbi, under toppen og i ein nordleg bue før ein kjem inn mot toppen frå nordaust.
b) Frå nord: Ei anna rute som er fin som vårskitur er å starte frå Innvikdalen ved Prestestøylen, Utvikfjellet eller Sanddalsvatnet. Frå Innvikdalen går ein opp nordryggen til Storlogpiken, så på ski forbi Ceciliekruna nordtoppen og over Myklebustbreen. Toppen tek ein her ogso frå nordaust opp til 1827-meterpunktet. Dette er ein drøy tur på 50 km t/r som egnar seg best som vårskitur.
Andre alternativ
Andre utgangspunkt kan vere frå Briksdalsbre Fjellstove via Oldeskaret og Kvannefjellet eller Yri via Yrinibba.
Vinter
Snønipa er ein ypperleg vårskitur. Normalt startar ein frå Stardalen eller for eksempel Utvikfjellet eller Innvikdalen.
Tips og diverse
Bilder
Startsteder
- Stardalen
- Innvikdalen
- Utvikfjellet
- Briksdalsbre Fjellstove
- Yri
Video
Vårskitur til Snønipa fra Innvikdalen mai 2006
Del 1
Del 2
Eksterne lenker
Litteratur og kilder
Flere bilder
Turrapporter
- 2
- 2
- 2
Kommentarer