Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (1)
- Ekspedisjon (1)
- Fottur (82)
-
Skitur (17)
- Fjellskitur (7)
- Randonnée/Telemark (10)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Sletteheia og Sollia frå Moltudalen
- Dato:
- 30.06.2017
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 10,9km
Peakbook-lista Herøy Pf 50 fullførte eg for ei tid tilbake. Plutseleg hadde der dukka opp ein ny topp midt inne på vidda på Moltufjellet, nemleg Sletteheia. Ikkje ein typisk topp ein stikk innom når ein først vandrar i dei fjella kanskje, men sidan Sollia er på ei anna samleliste så tenkte eg å ta to fluger i ein smekk.
Starta i Moltudalen og gjekk langs skråninga på Selsteinen for å kome bort til der ein går mot Sletteheia. Var litt usikker på kva som var toppen, men fann det ut til slutt.
Derfrå fortsatte turen bort til ryggen mellom Hestefjellet og Sollia, og der dukka der endeleg opp sti. Nydelege forhold. Ingen mygg eller fluger, og vakker utsikt.
I det eg passerte mørkevatnet i retning bilen kom skodda sigande inn Moltudalen og gav ganske trolsk stemning.
Tipp topp tur!
Keipen i Volda
- Dato:
- 29.06.2017
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 88,5km
Keipen i Volda er et nydelig fjell sett frå Bjørkedalen med si perfekte kjegleform. Eg har gått dette fjellet ein gong før, men då kom tåka og ødela. Den gongen lova eg å returnere. Det passa bra denne dagen sodan toppen har havna på samlelista til banken eg no jobbar i. Turen gjekk ilag med robbra og SiljeSov.
Alt i alt ein flott tur, med variert terreng, fin sti og nydeleg utsikt både på vegen opp og på toppen.
Blir litt trekk grunna ekstreme mengder fluger, dei mest irriterande skapningane på jord.
Takk for turen!
Blåtind frå Haddal
- Dato:
- 27.06.2017
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 2,8km
Tredje Ulstein-topp for dagen. Vart tungt. Men upåklagelig utsikt i alle retningar. Fint å sjå Herøy bada i solnedgongen!! Hovedstien opp til toppen virkar å ta ein særdels lang omvei "rundt" heile fjellet før ein tek fatt på siste stigninga til toppen. Neste gong skal eg sjekke om ein kan fortsette rett opp gjelet heilt til toppen.
Hasundhornet
- Dato:
- 27.06.2017
- Turtype:
- Spasertur
- Distanse:
- 1,4km
Gjørme, gjørme, gjørme, depel, myr, gjørme, depel, myr, myr, depel, gjørme - ok utsikt mot Herøy - *snu* - gjørme, gjørme....
Runde fyr
- Dato:
- 26.06.2017
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 7,7km
Runde fyr er ei aldri so lita perle på den turistifiserte fugleøya Runde. Der dei fleste går opp til Rundabranden og ser på fuglar, så er det ein langt meir sjarmerande tur å gå ned til fyret. Her er også DNT-hytte dersom ein ønskjer å overnatte. Det kan anbefalast! Denne gongen inngår destonasjonen i Sparebank 1 Søre Sunnmøre si "16 på topp"-liste, og ein må opp nesten 600 høgdemeter totalt for å kome seg "ned" til fyret. Med andre ord ein solid tur.
Leinehornet frå Voldsundneset
- Dato:
- 26.06.2017
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 2,1km
Leinehornet kan nås vi fleire stiar. Den mest vanlege startar kanskje på Støylen på Leinane, men den flottaste startar frå Voldsundneset. Det er fleire grunnar til det: 1. Ein går i solsida heile vegen til topps 2. Det er tørr sti stort sett heile vegen (i motsetning til stien frå Støylen) 3. Det er kanskje ytre herøy sin jevnaste motbakke. 4. Ein har upåklagelig utsikt heile vegen opp, og spesielt ned igjen. Renøy, Runde, Fosnavåg, Nerlandsøy, Bergsøy, solnedgongen m.m
No er Leinehornet ein del av samlelista til Sparebank 1 Søre Sunnmøre sommaren og hausten 2017. Eg anbefalar alle å velge denne stien til topps.
Parkering knappe 100m frå der stien startar. Kanskje ikkje beste stien å finne første 50 metrane, men det går bra. Gjerdet er trakka ned der stien startar. Det er >>>