Ulsettua (07.10.2017)  3

Turtype Fjelltur
Turlengde 1t 33min
Distanse 5,9km
Høydemeter 492m
GPS
Bestigninger Ulsettua (389moh) 07.10.2017
Utsikta frå toppunktet i retning Hjørungavågen. Melshornet til venstre.
Utsikta frå toppunktet i retning Hjørungavågen. Melshornet til venstre.

Det var på tide å få kryssa ut dei to siste toppane på Hareid pf100. Først ut var Ulsettua denne dagen.

Denne turen starta ved parkeringsplassen innerst i Snipsøyrdalsvegen (køyr litt vidare inn der som er skilta blindveg når du kjem til der vegen svingar til venstre). Derfrå startar turen opp ein skogsveg, til ein kjem til "bordet" som er ein type rastebenk som er utplassert på toppen av ryggen mellom Snipsøyrdalen og Alme. Møtte nokre folk på tur og det virkar som det er ein tursti som blir brukt litt. Ikkje rart, for der er fint oppi skogen der, og når ein kjem opp har ein vakker utsikt mot Vartdalsfjorden.

Skogsvegen frå parkeringsplassen
Skogsvegen frå parkeringsplassen
Vegen snur i ulogisk retning mot høgre i retning Kongsvollen og Blåtind like før ein kjem til "Bordet"
Vegen snur i ulogisk retning mot høgre i retning Kongsvollen og Blåtind like før ein kjem til "Bordet"
Framme ved "Bordet" er stigen tydeleg merka opp til venstre i meir logisk retning. Dersom ein fortsetter vegen ender ein opp nede på Alme.
Framme ved "Bordet" er stigen tydeleg merka opp til venstre i meir logisk retning. Dersom ein fortsetter vegen ender ein opp nede på Alme.

Ein tek av til venstre ved denne benken, og då tek stien deg med ganske bratt opp skogen. Der er lagt ut tau på nokre litt sleipe svaberg, utan at det kanskje er nødvendig, men er folk usikre så er det alltid hjelp i slike tau. Stien var tidvis litt gjengrodd, men enkel å følge.

Bergehornet på motsatt side av fjorden
Bergehornet på motsatt side av fjorden
Her ser vi tau som er lagt ut, ikkje akkurat i stupbratt parti. Der var fleire tau lengre oppe. Muleg dette også har med dette løpet som går her å gjere (Styrkeprøven frå Eiksund til Hjørungavåg) slik at dei skal ha enkel passasje på glatte parti.

Når ein så kjem opp av skogen endrar turen karakter. Då er ein oppe på eit slags viddelandskap, og må gå langs ryggen eit godt stykke til før ein er framme ved toppunktet. Vær oppmerksom på at den godt merka stien nok er merka med dette løpet som går frå Eiksund til Hjørungavåg i tankane, for stin passerar berre toppunktet 10-15 høgde meter lavare. For å nå toppen må ein forlate stien og vasse i litt lyng før ein kjem opp.

Oppe av skogen. Då er det relativt flatt bortover, men fortsatt eit godt stykke igjen.
Oppe av skogen. Då er det relativt flatt bortover, men fortsatt eit godt stykke igjen.
Her ser vi toppunktet i det fjerne
Her ser vi toppunktet i det fjerne

Sidan eg skulle vidare til Hjørungneshornet fekk eg følelsen av å ha gått opp på dette fjellet frå feil side (sidan stien fortsetter i den retninga). Tur/retur frå bilen var på over 6km i luftlinje, og det er ganske langt for beskjedne 425 høgdemeter.

Det beste med denne turen er åpenbart utsynet i det ein går opp skogen og får sjå mektige fjell på andre sida av fjorden rundt Vartdal. Bergehornet viste seg i all si prakt denne dagen med litt melis på toppen.

Etter turen var det berre å sette seg i bilen og køyre ut til Hjørungavågen for siste topp.

Starttidspunkt 07.10.2017 12:14
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 07.10.2017 13:48
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 1t 33min
Bevegelsestid 1t 28min
Pausetid 0t 4min
Snittfart totalt 3,8km/t
Snittfart bevegelsestid 4,0km/t
Distanse 5,9km
Høydemeter 491m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.