Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Oddevassheia og Venehei

Dato:
12.03.2014
Kart    

Hommeknuten og Storliknuten

Dato:
01.03.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
6:00t

Skitur fra Mydland. Gjekk bratt opp under høgspentlinja opp til Hommeknuten. Postkasse med vardebok på toppen. Ca 20 cm med fuktig nysnø så kom tidligare i veka over 500 moh så det klabba ein del under skia. Gjekk så sør- og vestover til Brekkeknuten og videre til Storliknuten som har to omtrent like høge topper eg var oppom. Rant så ned over Hestevatn og oppom Nodhedla før eg fulgte vassdraget vestover til Stemmetjørna og så nordover til Eigelandsdalen. Passerte elva på ei bru og bar så skia langs Rv 42 opp til Mydland. 6t rundtur i overskya mildt ver.

Kart    

Tverråknuten og Hunnefjell

Dato:
21.11.2013

Gjekk frå Tverråna i Hunnedalen langs vestsida av Tverråtjørn opp på Tverråknuten og ned nordaustover forbi Tuftetjørni opp til Hundetodalen og opp på Søre Hunnefjell nordfrå. Litt isete og bratt der, men kom greit opp. Retur ned nordaustryggen og ned Grodalen til Flæene nord for Hunnedalsvegen. Fulgte fv 45 tilbake til Tverråna. Klart og kaldt ver med begynnande islegging på vatna i området, men ingen is på Øyarvatnet. Målte 6 cm stålis på Grodalstjørna på 939 moh. 7 cm nysnø i Hunnedalen, mens det var en del gammal hard snø over 900 moh.

Kart    

Gråhei og nabotopper

Dato:
12.07.2013
Turtype:
Fottur

Parkerte ved nordenden av Lølandsvatnet, og gjekk på grusveg vidare nordvestover. Så på merka sti opp rundt sør- og austsida av Ljosevatn og vidare nordvestover til Gråhei. Stor flott varde og bra utsikt frå toppen. Retur gjennom meir eller mindre krevande skogsterreng via Klovedalsfjellan, Lølandsheia og Helledalsknuten. Så ned til vestsida av Lølandsvatnet og via fv 466 tilbake til Løland.

Kart    

Sørlandstopper

Dato:
10.07.2013
Kart    

Kveldstur til Urdalsknuten

Dato:
21.05.2013
Turtype:
Fjellskitur

Gjekk på ski over Rosskreppfjorden. Brukte 2t kvar veg over fjorden og 1,5t på oppstigninga. Fortsatt bra med snø sjøl i sørhellingane. Skodda kom sigane vestfra da eg nådde toppen. Retur omtrent same veg tilbake. Hadde begynt å bli dårlige isforhold med ein del sørpeføre over fjorden.

Kart    

Gleeshei og nabotopper

Dato:
18.05.2013
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:00t

Parkerte ved Ålsheia skisenter og bar med meg ski oppover på anleggsvegen til Vreistebrotet, og gjekk utpå Valevatnet ved demningen i vika. Vårløysninga var godt i gang, men ennå tjukk is. Gjekk i land ved Daureli og gjekk oppover den austvendte fjellsida til Lysedalsknuten der det stort sett var samanhengande skiføre. Så vidare nordover til Åtjørnknuten, og austover til Gleeshei og Svåbergknuten. Rant så ned til Valevatnet igjen og tilbake til sørsida, og var oppom Daurelirinnen. Gjekk så opp til Stølskvævknuten. Brukte ski der det var snø men måtte stedvis bære skia en del plasser. Resten av turen sørover bar eg ski med meg over Skarliåsane og Soleiknuten. Lummert ver med en del fjerne lyn om kvelden.

Kart    

Svåefjell og Litla Sinneskula

Dato:
14.05.2013
Kart    

Røseknuten og Dåfjell

Dato:
26.03.2013
Kart    

Mjåvassknuten

Dato:
12.02.2013
Turtype:
Fjellskitur

Fulgte oppkjørt skiløype frå Mydland nordvestover over Mydlandsvatnet. Denne skiløypa er ei rundløype som går over Juvvatnet og Krokevatnet. Frå nordenden av Mydlandsvatnet gjekk eg via Nystølheii/ Rimskarknuten til Mjåvassknuten. Retur via Juvvatnet og over Poldeheii på sørsida av Mydlandsvatnet.

Kart