Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Grubba og Bergheii

Datum:
25.03.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Skitur frå høgfjellshotellet på Fidjeland. Gjekk i oppkjørt løype eit stykke opp Jogledalen og så opp i nordsida til Grubba. Var og bortom sørtoppen som har stor forseggjort varde og så videre austover til Såta og til Bergheii. Herfra rant eg ned på Svartavatnet og så ned til Jogledalen. Var ingen spor øverst i dalen. Kom inn på den oppkjørte løypa ved ei meste nedsnødd hytte ved Steinbutjødna. Rant så ned igjen til Fidjeland. Fint ver, men tungt skiføre pga 30 cm nysnø men stedvis avblåst, hardt og isete over 1000 moh.

Karte    

Mellom Sedan og Lindeknuden

Datum:
15.03.2014
Karte    

Knabekniben og Fossefjell

Datum:
14.03.2014
Karte    

Snøhomheii, Beritsheii og Glaven

Datum:
13.03.2014
Karte    

Oddevassheia og Venehei

Datum:
12.03.2014
Karte    

Hommeknuten og Storliknuten

Datum:
01.03.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
6:00h

Skitur fra Mydland. Gjekk bratt opp under høgspentlinja opp til Hommeknuten. Postkasse med vardebok på toppen. Ca 20 cm med fuktig nysnø så kom tidligare i veka over 500 moh så det klabba ein del under skia. Gjekk så sør- og vestover til Brekkeknuten og videre til Storliknuten som har to omtrent like høge topper eg var oppom. Rant så ned over Hestevatn og oppom Nodhedla før eg fulgte vassdraget vestover til Stemmetjørna og så nordover til Eigelandsdalen. Passerte elva på ei bru og bar så skia langs Rv 42 opp til Mydland. 6t rundtur i overskya mildt ver.

Karte    

Tverråknuten og Hunnefjell

Datum:
21.11.2013

Gjekk frå Tverråna i Hunnedalen langs vestsida av Tverråtjørn opp på Tverråknuten og ned nordaustover forbi Tuftetjørni opp til Hundetodalen og opp på Søre Hunnefjell nordfrå. Litt isete og bratt der, men kom greit opp. Retur ned nordaustryggen og ned Grodalen til Flæene nord for Hunnedalsvegen. Fulgte fv 45 tilbake til Tverråna. Klart og kaldt ver med begynnande islegging på vatna i området, men ingen is på Øyarvatnet. Målte 6 cm stålis på Grodalstjørna på 939 moh. 7 cm nysnø i Hunnedalen, mens det var en del gammal hard snø over 900 moh.

Karte    

Gråhei og nabotopper

Datum:
12.07.2013
Tourcharakter:
Wanderung

Parkerte ved nordenden av Lølandsvatnet, og gjekk på grusveg vidare nordvestover. Så på merka sti opp rundt sør- og austsida av Ljosevatn og vidare nordvestover til Gråhei. Stor flott varde og bra utsikt frå toppen. Retur gjennom meir eller mindre krevande skogsterreng via Klovedalsfjellan, Lølandsheia og Helledalsknuten. Så ned til vestsida av Lølandsvatnet og via fv 466 tilbake til Løland.

Karte    

Sørlandstopper

Datum:
10.07.2013
Karte    

Kveldstur til Urdalsknuten

Datum:
21.05.2013
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Gjekk på ski over Rosskreppfjorden. Brukte 2t kvar veg over fjorden og 1,5t på oppstigninga. Fortsatt bra med snø sjøl i sørhellingane. Skodda kom sigane vestfra da eg nådde toppen. Retur omtrent same veg tilbake. Hadde begynt å bli dårlige isforhold med ein del sørpeføre over fjorden.

Karte