Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Ilsvika Buldrefelt

Dato:
07.07.2016
Turtype:
Buldring
Turlengde:
2:00t
Kart    

Romsdalsraid dag 1: Sydpillaren på Mongejura

Dato:
03.06.2016
Turtype:
Alpin klatring
Turlengde:
19:00t

Eg hadde tenkt å starte denne rapporten med ei vittigheit om at for sunnmøringen er ikkje Romsdalen anna enn ein stopp for å kjøpe is ved Trollveggen på veg til Oslo. Men det er ikkje heilt sant, det går ei anna linje her. Då eg var liten var Magnar Osnes lokalhelt og fjellklatrar i Ulsteinvik. Og for Kristian 5 år var det berre to stader ein klatra i fjellet; det var på Mount Everest og i Trollveggen (det er meg ukjent om Osnes har klatra Trollveggen, men skal ein følgje dette resonnementet må han altså ha gjort det sidan dette er einaste staden å øve seg til Mount Everest). Sidan den tid har Trollveggen endra seg til eit ståande grustak, og eg har heldigvis oppdaga at det er andre fjell som kan klatrast. Etter å ha tatt Mongejura i auge for ein måneds tid sidan, med bitre >>>

Heksedans på størenhammaren

Dato:
28.05.2016
Turtype:
Klatring
Kart    

Bulrdring på Skiri

Dato:
07.05.2016
Turtype:
Buldring
Kart    

Hastverk på Selnes

Dato:
01.05.2016
Turtype:
Klatring

Nydelig klatring i vårsola på Selnes. Varm granitt og god stemning. Klatra klassikaren Hastverk (6) (utan den sleipe og minimalistisk bolta første sva-lengda). God stemning og god oppdrift!

Kart    

Heksedans (5+ 3tl) Størenhammaren

Dato:
17.04.2016
Turtype:
Klatring
Turlengde:
2:00t
Kart    

Buldrehelg på Harbak

Dato:
09.04.2016
Turtype:
Buldring

Våren er i emning, og med den kjem trekkfuglane til Trøndelagskysten for å nyte fineværet. Så også Arve, og vi slo til med eit forsøk på utendørs familie-buldre-helg på Harbak. Bilen vart pakka full av pads, barnestæsj og klatreutstyr. Den ferske småbarnsfaren leid moglegeins av ein smule overkompenseringssyndrom i forventningane om kva desse to dagane skulle bringe. Etter å ha bunkra øl og sportstape i Åfjord sjekka vi inn på Edmundgården. Ypperlig overnatting med rimelig pris og hyggelig vertskap 10 min gange frå buldringa. Så bar vi paddar, gut og heile spetakkelet opp i hula, der magien skulle iverksetjast. Harbak er hardt, og Harbak-sjokket slår deg alltid når ein ventar det som minst. Eg prøvde litt på Små muser (Harbak 6c=7a) som eg har gått før, men fikk ikkje >>>

Kart    

På slep opp Tilleråsen

Dato:
05.03.2016
Turtype:
Isklatring

Tur til Tilleråsen med Mats. Han tok stort sett ledertrøya i dag, og jogga først opp "Den andre i midten". Nydelig rute med masse spennande klatring. Diverre har all snøen gitt varierande iskvalitet. Start opp hjørnet på snø og is, opp formasjonar til høgre, spennande men med gode moglegheiter for stemming etc. Så ut på den fritthengande søyla frå god hylle. Delikat og supereksponert opp søyla (ingen skruar her!), så på roten is og snø inn i diederet over søyla (god sikring i busk). Litt vertikal snømåking før overraskande bratt sisteopptak til toppen. WI5 i dag (og pga søyla vil eg gjette at denne stort sett er WI5 då desse linjene sjeldan er veldig feite), 50m. Plassering for sikrar i botnen av ruta er utsatt, og ein bør vurdere å klatre opp under overhenget >>>

Kart    

Tilleråsen isklatring

Dato:
21.02.2016
Turtype:
Isklatring

Eg har lenge vore gira på å sjekke ut isklatringa på Tilleråsen. Eg fekk med meg Pål Christian, som hadde skapet bre-fullt av ubrukt breutstyr. Mykje frysing og tining i det siste skulle berge for gode forhold, og det såg slettes ikkje verst ut! Tillerpillaren var ikkje i nærleiken av å botne, men for den som ønsker kan ein snike seg opp is på høgresida. Mix-starten såg også underholdande ut. Etter kjapp gjennomgang av grunnkurs isklatring gjekk vi laus på "Den til høgre"/"Right icefall"/? (WI3+). Eg merka kjapt at eg har leda lite denne sesongen, for eg skalv meg opp issvaet. Noko stressa sette eg halvvegs hengande standplass under cruxet. Pål Christian fulgte etter i god stil, og byrja allereide å spørje om kva sånn kult isklatreutstyr kosta. Bratta såg >>>

Tøftfossen

Dato:
31.01.2016
Turtype:
Alpin klatring
Turlengde:
6:00t

Det er vanskelig å konsentrere seg om søknadskriving på jobb når tankane ligg att i eit bratt juv i Drivdalen. Skitt la gå - eg må nytte min akademiske fridom til noko. Eg skriv turrapport. Med fersk familieauke har det ikkje vorte så mykje isklatring denne sesongen, men denne søndagen fikk eg og Andreas troppa saman ein liten ekspedisjon til Drivdalen superklassikar Tøftfossen (150m, Wi4). Det vart alpin start frå Trondheim klokka 6. Til vår forskrekkelse oppdaga vi at bensinstasjonane langs E6'en ikkje hadde opna (=ingen kaffi). Ein kan lengte tilbake til New Hampshire av mindre. Men dette gjorde at vi var nokolunde raskt på plass ved Drivstua (etter den obligatoriske svippturen oppom Dovre etter å ha køyrt forbi målet). Termometeret viste -6, og det vart varmt opp gjennom småskogen. >>>