Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (172)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (46)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (9)
-
Skitour (73)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (38)
- Tourenskilauf (20)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Flautangåsen ad vestveggen
- Datum:
- 06.08.2016
- Tourcharakter:
- Klettern
På ferietur i Sandefjord med Nina og Bjørn Ole. Sjølv om barna var i sentrum på dette opphavet vart eg plaga med synet av perfekt granitt kvar enn eg snudde meg. Racket ropa til meg der det låg innelåst i skiboksen, og eg vakna bada i svette med hendene forma i fingerjams natt etter natt.
Så når ungane (så og seie) hadde sovna(ish) rusla eg og Bjørn Ole 5 min ned vegen frå hytta, og byrja på ein vegg eg hadde spotta dagen før: vestsida på Flautangåsen. Stort potensiale for nydelig kilecragging her!
Nokre spydige oslofolk lurte på om vi trengte hjelp, og eg sa at dei fekk kome om vi ropte.
Fin chimney opp til hylle. Fleire moglegheiter herifrå, men dei var alle ganske overgrodde. Eg gjekk litt til venstre og opp ei handsprekk. Litt henging i sikringane medan eg rensa så vart dette >>>
Romsdalsraid dag 1: Sydpillaren på Mongejura
- Datum:
- 03.06.2016
- Tourcharakter:
- Alpinklettern
- Tourlänge:
- 19:00h
Eg hadde tenkt å starte denne rapporten med ei vittigheit om at for sunnmøringen er ikkje Romsdalen anna enn ein stopp for å kjøpe is ved Trollveggen på veg til Oslo. Men det er ikkje heilt sant, det går ei anna linje her. Då eg var liten var Magnar Osnes lokalhelt og fjellklatrar i Ulsteinvik. Og for Kristian 5 år var det berre to stader ein klatra i fjellet; det var på Mount Everest og i Trollveggen (det er meg ukjent om Osnes har klatra Trollveggen, men skal ein følgje dette resonnementet må han altså ha gjort det sidan dette er einaste staden å øve seg til Mount Everest).
Sidan den tid har Trollveggen endra seg til eit ståande grustak, og eg har heldigvis oppdaga at det er andre fjell som kan klatrast. Etter å ha tatt Mongejura i auge for ein måneds tid sidan, med bitre >>>
Hastverk på Selnes
- Datum:
- 01.05.2016
- Tourcharakter:
- Klettern
Nydelig klatring i vårsola på Selnes. Varm granitt og god stemning. Klatra klassikaren Hastverk (6) (utan den sleipe og minimalistisk bolta første sva-lengda). God stemning og god oppdrift!