Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (163)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
GPS-safari på Brattfonnhøa
- Dato:
- 30.08.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 24,4km
Fin tur på Brattfonnhøa og omegn. Været var litt blanda, og det vart litt GPS-trening i skoddeheimen. Mange går desse på ski, men det er jo også veldig fint fotturterreng!
Linesøya
- Dato:
- 08.08.2020
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 12,0km
Tur på Linesøya for litt sightseeing og toppsanking, og for eit avbrekk i buldringa på Harbak. Eg tenkte å ta alle toppane med start ved medisinutsalet, men rota meg litt vekk i det mildt sagt kuperte terrenget. Rota meg ned nordsida av Tindan, fann ikkje vegen opp på Stemmafjellet, og enda opp langt på nord-sida, før eg gav opp, og gikk meg på stien på austsida på veg tilbake. Så køyrde eg til hyttefeltet på vestsida av Linesfjellet, og gikk raskt opp og ned der. Når det er sagt: både Linesfjellet og Stemmafjellet var fine turar, men særlig stien opp Stemmafjellet var artig. Spennande landskap og flott utsikt frå toppane over skjærgården, med Froan og Halten i det fjerne. Diverre ingen bilder då det var nesten tomt for batteri på telefonen.
Dei 4 store i Bymarka, med start på Nyborg
- Dato:
- 02.08.2020
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 4:30t
- Distanse:
- 30,2km
Langtur i Bymarka for å teste forma.
Nydelig vær og mykje folk ute. Utfordrande på slike langturar og klare å holde intensiteten nede. Pulsen går raskt opp i motbakken, og då går ein raskt på seg krampe og skit. Slapp heldigvis det denne gongen
Stort sett veldig fine stiar, bortsett frå litt myr opp og ned Herbernsheia. Bomma litt på nedfarta her, for å få litt eventyr som han seier han Kilian. Var taktisk og la den enklaste delen til slutt så eg skulle unngå trynings grunna slitne bein.
Anbefalast for alle som har sånn sekk!
Meir og meir dogg på linsa..
Lundavarden rett opp og ned
- Dato:
- 19.07.2020
- Turtype:
- Løpetur
1t til toppvarden. Stårheim IL si bok i utsiktsvarden er så komplisert at eg trur eg skriv meg inn feil kvar gong. Men eg tok sjangsen. 21 min nedatt herifrå.
Årets til Lundavarden
- Dato:
- 12.07.2020
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 8,9km
Årets på Lundavarden, rett opp frå tunet. Eg kan godt ta på meg å slå ned i nokon stikker opp stien frå Rødssætra om nokon vil det, for denne fine oppgangen til Lundavarden er i ferd med å gro igjen. Nedatt gjekk eg via Orheimssætra og norstunet. Kroksleiven såg eg ikkje - han var kanskje på Litle eller Store Kroksleivhornet enda? Uansett, fint vær etter eit par dagar med regn.
Staurdalseggja og Grønlidkollen
- Dato:
- 09.07.2020
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 7,5km
Eid Kommune er historie, men Eidalista står framleis. Konkurransen om rangeringa er knallhard. I dag tok eg to kremtoppar heilt vest. Fin utsikt utover resten av Stad Kommune - den lista melder eg meg ikkje på.
Ellers greit å køyre opp til Levdalssætra med min beskjedne Opel. Veien er kanskje utbedra? Så då er det lett å plukke desse. Sti til Staurdalsegga, og meir fristil opp til Grønlidkollen.