Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Lundavarden

Date:
06.10.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:45h

Map    

GPS-safari på Brattfonnhøa

Date:
30.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
24.4km

Fin tur på Brattfonnhøa og omegn. Været var litt blanda, og det vart litt GPS-trening i skoddeheimen. Mange går desse på ski, men det er jo også veldig fint fotturterreng!

Map    

Linesøya

Date:
08.08.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
2:30h
Distance:
12.0km

Tur på Linesøya for litt sightseeing og toppsanking, og for eit avbrekk i buldringa på Harbak. Eg tenkte å ta alle toppane med start ved medisinutsalet, men rota meg litt vekk i det mildt sagt kuperte terrenget. Rota meg ned nordsida av Tindan, fann ikkje vegen opp på Stemmafjellet, og enda opp langt på nord-sida, før eg gav opp, og gikk meg på stien på austsida på veg tilbake. Så køyrde eg til hyttefeltet på vestsida av Linesfjellet, og gikk raskt opp og ned der. Når det er sagt: både Linesfjellet og Stemmafjellet var fine turar, men særlig stien opp Stemmafjellet var artig. Spennande landskap og flott utsikt frå toppane over skjærgården, med Froan og Halten i det fjerne. Diverre ingen bilder då det var nesten tomt for batteri på telefonen.

Map    

Dei 4 store i Bymarka, med start på Nyborg

Date:
02.08.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
4:30h
Distance:
30.2km

Langtur i Bymarka for å teste forma. Nydelig vær og mykje folk ute. Utfordrande på slike langturar og klare å holde intensiteten nede. Pulsen går raskt opp i motbakken, og då går ein raskt på seg krampe og skit. Slapp heldigvis det denne gongen Stort sett veldig fine stiar, bortsett frå litt myr opp og ned Herbernsheia. Bomma litt på nedfarta her, for å få litt eventyr som han seier han Kilian. Var taktisk og la den enklaste delen til slutt så eg skulle unngå trynings grunna slitne bein. Anbefalast for alle som har sånn sekk! Meir og meir dogg på linsa..

Map    

Geitfjellet

Date:
31.07.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:00h
Distance:
8.9km
Map    

Gråkallen og Geitfjellet

Date:
27.07.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
2:00h
Distance:
16.0km
Map    

Lundavarden rett opp og ned

Date:
19.07.2020
Characteristic:
Jogging

1t til toppvarden. Stårheim IL si bok i utsiktsvarden er så komplisert at eg trur eg skriv meg inn feil kvar gong. Men eg tok sjangsen. 21 min nedatt herifrå.

Map    

Heimste Blåfjellet og Lundavarden frå Sigrona

Date:
16.07.2020
Characteristic:
Jogging

Map    

Årets til Lundavarden

Date:
12.07.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
8.9km

Årets på Lundavarden, rett opp frå tunet. Eg kan godt ta på meg å slå ned i nokon stikker opp stien frå Rødssætra om nokon vil det, for denne fine oppgangen til Lundavarden er i ferd med å gro igjen. Nedatt gjekk eg via Orheimssætra og norstunet. Kroksleiven såg eg ikkje - han var kanskje på Litle eller Store Kroksleivhornet enda? Uansett, fint vær etter eit par dagar med regn.

Map    

Staurdalseggja og Grønlidkollen

Date:
09.07.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:30h
Distance:
7.5km

Eid Kommune er historie, men Eidalista står framleis. Konkurransen om rangeringa er knallhard. I dag tok eg to kremtoppar heilt vest. Fin utsikt utover resten av Stad Kommune - den lista melder eg meg ikkje på. Ellers greit å køyre opp til Levdalssætra med min beskjedne Opel. Veien er kanskje utbedra? Så då er det lett å plukke desse. Sti til Staurdalsegga, og meir fristil opp til Grønlidkollen.

Map