Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Trondheim pf>100: Solemsvåttan

Dato:
10.07.2016
Turtype:
Spasertur
Turlengde:
1:00t

Kom heim frå klatresenteret og sola skein som berre det. Ein kan ikkje sitte inne på ein slik dag. Eskil foreslo at eg burde jobbe litt på Trondheim pf>100-lista mi. Kona valde å vere heime då ho framleis er litt rammeskeiv etter fødselen. Eg og Eskil sette snuten mot Solemsvåttån. Fin sti frå Tjønnstuggu - varmt oppetter bakkane. Eskil vekte ålmen munterheit hjå turfolket med godt humør. Etter litt var vi på toppen, der vi kunne nyte god utsikt over trondheimsregionen mellom tretoppane. Så gikk vi ned igjen.

Kart    

Ilsvika Buldrefelt

Dato:
07.07.2016
Turtype:
Buldring
Turlengde:
2:00t
Kart    

Trollhøtta-traversen + Pekhøtta

Dato:
05.07.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
18,5km

Det opna seg eit turvindauge, og sjølv om været var suboptimalt måtte ein smi raskt! Eg har lenge hatt lyst til å utforske den nordlige delen av Trollheimen. Då eg kom over særs fristande turrapportar frå Trollhøtta-traversen var valet enkelt. Det vart subalpin start frå Trondheim, og regnbygene dura over Orkdalen. I følge Yr skulle dette bedre seg etter 12, og eg stod på parkeringa i Søydalen under skiftande skydekke. Ettersom eg hadde fått med meg at både hundar og anna hadde vorte lurt over denne traversen tidligare tok eg sjangsen på fjelløpesko og tights. Light and fast. Fin sti oppover sætra, og fulgte så skilting og sti opp lia mot Trollhøtta og Snøhornet. Sistnevnte sløyfa eg då eg hadde andre toppar i bakhovudet. For eksempel dei på andre sida av dalen. Det hadde >>>

Kveldsjogg på Geitfjellet

Dato:
29.06.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
6,0km
Kart    

Dei 4 store i Bymarka, med start i sentrum.

Dato:
25.06.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
3:58t
Distanse:
28,9km

Sidan eg i eit anfall av overmot har meldt meg på fjellmaraton på Oppdal til hausten må eg få nokon lenger turar i beina. Eg hadde sett ut ei løype med start i sentrum, over dei fire fjella i bymarka med pf>100: Geitfjellet, Stadsheia, Storheia og Gråkallen. God steam opp til Geitfjellet (40min), fann ein grei veg herifrå til Tømmerdalstorget, og vidare til Stadsheia (1:20). Her fekk eg oppklart kvar eg gjekk feil sist eg var her i skoddehavet. Så kom den lange distansen til Storheia, med mykje ned og opp att. På veg opp til Storheia byrja eg å kjenne det i beina. På toppen etter 2:20. Fint driv mot Gråkallen, og bratt og tungt opp her. Her byrja eg å få sporadisk krampe i leggane. På toppen (eller på utsiktspunktet, strengt tatt, sidan sjølve toppunktet er militært område) >>>

Kart    

Kveldsjogg på Geitfjellet

Dato:
22.06.2016
Turlengde:
1:00t
Distanse:
6,0km
Kart    

Skoddedykk i Bymarka.

Dato:
18.06.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:56t
Distanse:
13,5km

Storhaugen

Dato:
14.06.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:00t
Kart    

Romsdalsraid dag 5: Ringshornet - ny slushfest!

Dato:
07.06.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark

Siste dag på den etter kvart så svært ovale Romsdalsweekenden hadde eg gått tom for gangbare skiturar i FriFlyt-boka. Eg kika litt på Peaker'n og fann ut at Ringshornet kunne vere ein grei tur. Litt skibæring i byrjinga, så opp fonner til det flata ut, så fin stigning opp mot sadelen mellom hovedtoppen og norvest-toppen. Veldig fin stigning og fine forhold, men meir skyer i dag. Vengetind hadde fått hue, så då var det væromslag på veg. Likevel framleis fin temperatur. Eg såg ein skikkelse lenger inne, og denne karen møtte eg rett før nordvest-toppen. Han hadde vore på Alnestinden Vesttoppen og Sørvest-for. Her lukta eg ei lunte, og ganske riktig var dette ein peakbookar: Jan Arne ( janyga (Jan Arne Nygaard) ). Vi samla Nordvesttoppen før vi sklei mot den flotte hovedtoppen. Raskt og greit opp her, men >>>

Kart    

Romsdalsraid dag 4: Nydelig nedkøyring på Finnan

Dato:
06.06.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark

Dag 4 på Romsdalsraidet stod neste kremtopp for tur, nok ein stortopp: Finnan. Eg var litt spent då ruta går over bre, med eit bratt og noko eksponert stykke opp mot ryggen (FriFlyt Toppturar i Romsdalen). Dette var ein mandag, og mindre folk i fjellet, men eg såg to stykker starte på turen, så då tenkte eg at eg er i det minste ikkje aleine der oppe. Så får ein berre bruke augene og snu om det skulle bli for hårete. Kanskje høyrest dette defansivt ut, men eg har stor respekt for å gå gradene på slike turar - og eg har ikkje vore på så mange skitoppturar. Går ein aleine bør ein vere ekstra forsiktig. I motsetning til gårsdagens tur på Breitinden kunne eg i dag ta på skia ved vegen. Sidan eg var så tidlig ute at eg fikk isete snø i går venta eg litt lenger i dag, og var >>>

Kart