Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Schilthorn (CH)

Dato:
11.07.2015

Grosse Mythen (CH)

Dato:
10.07.2015

Horndalsnuten - frå Skiple

Dato:
03.05.2015
Kart    

Langeskavltinden - tåkehav

Dato:
26.04.2015
Kart    

Gullfjellstoppen

Dato:
21.04.2015
Kart    

Horndalsnuten - topptur frå Skiple

Dato:
24.03.2015
Kart    

Gullfjellet på langs

Dato:
01.02.2015

Turen gjekk frå Gullbotn oppover til Gullfjellstoppen, vidare til Redningshytten, Austelifjellet, Slettegga og til slutt Livarden. Lang fin tur med mykje vind, sol og snø. Ein del is og fokk på toppane.

Kart    

Galdebergtinden

Dato:
04.10.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:30t
Distanse:
20,2km

Turen starta frå Eidsbugarden i relativt fint ver, toppen var iallefall synleg. Fint og lettgått terreng opp til bru over Høystakkane og vidare oppover til sørsida av Uksedalshø. Frå Uksedalen hadde vi endå god sikt og kunne skimte to karar på veg oppover fjellryggen nærmare Bygdin. Vi tok sikte på nordvestryggen. På ca 1700 kom tåka svært raskt og det vart litt ugjestmildt i det brattaste partiet. Is, snø og klyving oppover. Traff også eit turfylgje med tre jenter på veg ned. Etterkvart vart det heilt kvitt så GPS vart brukt opp mot toppen. Det var i grunn berre å returnera og vi valde å gå lenger mot sørvest der ein finn enkelte vardar. Vi såg også spora til gutta boys som hadde snudd og gått ned før toppen. Så fann vi den lengste snørenna og rutsja i kanonfart nedetter. >>>

Kart    

Uranostind S2

Dato:
03.10.2014
Turtype:
Alpintur

Utgangspunktet var heile turen over Uranostraversen. Etterkvart som høgden, isen og snøen kom nærmare på vart det for skummelt for enkelte i turfylgjet. Så det vart retur til hytta med rødvin og peiskos. Flott tur likevel.

Kart    

Utladalen og Friken

Dato:
18.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
40,5km

En rask tur med sykkel til Vetti, før oppstigninga til Vettismorki og vidare til Fleskedalen i strålande haustver. Sol, 18 grader og vindstille. Jaktlaget låg og sov ved stølane i Fleskedalen. Her var det felt to hjortar, ei elgkolle og kalv i løpet av morgontimane. Turen gjekk raskt vidare til like under Friken og nedover til Skogadalsbøen før mørket kom. Artig nok var det røyk i pipa og godt selskap frå ein uforskamma sprek tindemann. 74 år og stadig på jakt etter nye ruter! Eit raskt bad i Skogadøla og middagen vart ein fest med Lapskaus. Tidleg start med raske steg mot Friken. Nydeleg å sjå tidlegare bestigningar frå denne kanten. Friken er verken høg eller krevjande samanlikna med nabotoppane men likevel verdt eit besøk.

Kart