Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Fræna: Raudtua

Dato:
06.07.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:19t
Distanse:
6,8km
Kart    

Fræna: Talstadhesten og Høgheia

Dato:
05.07.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:10t
Distanse:
10,5km
Kart    

Fræna/Eide: Stordalstinden og Blåfjellet

Dato:
04.07.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:09t
Distanse:
11,5km

Vi overnatta på parkering Trollkyrkja. Utpå kvelden kom ein bil skrensande inn på parkeringa, og ein vaksen mann la til palings 100 meter innover veien mot Trollkyrkja før han gjorde eit tigersprang til sides og huka seg ned. Kom ruslande fornøgd tilbake og satte opp eit minitelt av typen 399,- på parkeringa. Inn i miniteltet på ca 2 kvm for han, kona og ei vaksen jente + kjøteren.. og ein sixpack øl. Etter 10 minutt kom jenta ramlande ut av teltet og brølte på elgen mens armane gjekk som rotorblad over haudet for å jage vekk knotten. Trur det må ha vore noke forderva kjøt i den gryta der! Ja det er mykje god underhaldning på parkeringsplassar rundt om. Det var meldt strålande ver, men dagen starta med skodde ned til ca 500 moh. Denne letta når vi var på veg mot Blåfjellet >>>

Fræna/Eide: Kvannfjellet

Dato:
04.07.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:08t
Distanse:
8,9km
Kart    

Fræna: Julskartinden og Urdfjellet

Dato:
03.07.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:20t
Distanse:
15,6km

Vi hadde overnatta på turparkeringa i Malmedalen. Omtrent i krysset der veien frå Skaret og veien frå tunellen møtest. Ikkje samme enorme varmen i dag som på gårsdagens tur til Skåla. Overskya og ein del vind fungerte fint. Fulgte merka rute mot Galten, som vi ikkje besøkte. Der er det ein av desse STIKK UT-postane. Gjekk heller mot Julskartinden. Stoppa så vidt her før vi gjekk vidare ned i skaret og hadde lunch. Vidare bratt opp mot Urdfjellet, for det meste på ein sti som snirklar seg oppover sida. På Urdfjellet vart det lang pause og Vinjar herja på med steinar og kravla overalt. Etter nøye kartstudie fann vi ut at vi ikkje ville gå samme veien ned. Det var knappe 7 km + 120 høgdemeter opp på Julskartinden igjen. Vi gjekk heller ned til Malmesetra og veien tilbake til bilen. >>>

Kart    

Molde: Skåla og Vesleskåla

Dato:
02.07.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:43t
Distanse:
12,5km

Vi overnatta ved gapahuken eit lite stykke før Skålsetra. Forsette den dårlege veien innover, holete og jæklige (Ein skuleelev og ei traktorskuffe med sand hadde gjort mykje bra her på ein dag). Parkerte ved setra i ein enorm varme. Etter gårsdagens kveldstur på Horga var spent på flugesituasjonen oppi lia, det gjekk overraskande bra pga ein del vind over skoggrensa. Etter ei stund møtte vi 4 lettkledde og lettbeinte damer på vei nedover. Det var 3 søstre Øyre Slind + VM-deltakar i sprint Kari Vikhagen Geitnes. Dei hadde vel ein ok dag på jobb vil eg tru. For meg som brukar mykje tid på skisport om vinteren var dette svært. Utan for mykje pes klokka Vinjar og eg inn på 1 time blank til Vesleskåla. Lise hakk i hæl. Vinden kjøla godt heldigvis. Holdt fram til skaret mot Skåla >>>

Kart     1 kommentar

Molde: Maifjellet og Kloppafjellet

Dato:
01.07.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
14,7km
Kart    

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
26.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
5,3km
Kart    

Halsa: Møkkelfjellet

Dato:
20.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:57t
Distanse:
8,9km

Parkerte på Fjærli. Ein liten parkeringslomme ved veien, og merking Møkkelfjellet 4,1 km. Gjekk veien oppover og møtte snart 2 eldre damer som hadde vore på trimtur til Fjærlivatnet. Det er vei heilt inn dit, ikkje innteikna på alle kart. Tipset var å følgje veien heilt inn og ikke bli frista å ta av opp før det. Ved vatnet var det skilting i alle retningar, blant anna til Møkkelfjellet ja. Stien gjekk ganske flatt utover på nordsida av fjellet. Den tok til slutt av bratt opp ved eit lite bekkefar. Her kan ein gå feil, rett fram, om ein ikkje er obs. Kasse og bok i varden. Høgste punkt litt lenger sør. Kjempefint turver. Andre dagen i år eg har starta i shorts, jaggu på tide!

Kart    

Halsa: Storfjellet, Tindan og Hennafjellet PF100 komplett

Dato:
20.06.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:06t
Distanse:
10,5km

Dagens 3. tur, og siste tur i Halsa kommune. Banka på hos ein triveleg bonde i bygda og spurde om veien innover mot Hennasetra. Den var det berre å kjøyre, bomvei kr 40. Det var blitt laga til parering for STIKK UT-samlarar ved sætra. Denne parkeringsplassen var ikkje stor, i tillegg moldete og blaut. Fekk no lurt til den store bilen utan å kjøyre meg fast. Merka sti til Tindan 2,6 km og Hennafjellet 1,5 km, veldig lett å finne fram. 1,5 km er nok veldig kort, GPS viste 2,1 km og då var eg ikkje bort på punktet der STIKK UT-kassa var. Merkeleg at dette ikkje er på toppen, men på ein hump litt lenger nord. Ein bestefar med 2 gutar eg møtte var overraska over at eg ikkje samla STIKK UT. Vel det er så mykje der som ikkje er veldig lokkande. Ein stein, ei rotvelte eller ei fure ser >>>