Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Fræna: Talstadhesten og Høgheia

Datum:
05.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:10h
Entfernung:
10,5km
Karte    

Fræna/Eide: Kvannfjellet

Datum:
04.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:08h
Entfernung:
8,9km
Karte    

Fræna/Eide: Stordalstinden og Blåfjellet

Datum:
04.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:09h
Entfernung:
11,5km

Vi overnatta på parkering Trollkyrkja. Utpå kvelden kom ein bil skrensande inn på parkeringa, og ein vaksen mann la til palings 100 meter innover veien mot Trollkyrkja før han gjorde eit tigersprang til sides og huka seg ned. Kom ruslande fornøgd tilbake og satte opp eit minitelt av typen 399,- på parkeringa. Inn i miniteltet på ca 2 kvm for han, kona og ei vaksen jente + kjøteren.. og ein sixpack øl. Etter 10 minutt kom jenta ramlande ut av teltet og brølte på elgen mens armane gjekk som rotorblad over haudet for å jage vekk knotten. Trur det må ha vore noke forderva kjøt i den gryta der! Ja det er mykje god underhaldning på parkeringsplassar rundt om. Det var meldt strålande ver, men dagen starta med skodde ned til ca 500 moh. Denne letta når vi var på veg mot Blåfjellet >>>

Fræna: Julskartinden og Urdfjellet

Datum:
03.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:20h
Entfernung:
15,6km

Vi hadde overnatta på turparkeringa i Malmedalen. Omtrent i krysset der veien frå Skaret og veien frå tunellen møtest. Ikkje samme enorme varmen i dag som på gårsdagens tur til Skåla. Overskya og ein del vind fungerte fint. Fulgte merka rute mot Galten, som vi ikkje besøkte. Der er det ein av desse STIKK UT-postane. Gjekk heller mot Julskartinden. Stoppa så vidt her før vi gjekk vidare ned i skaret og hadde lunch. Vidare bratt opp mot Urdfjellet, for det meste på ein sti som snirklar seg oppover sida. På Urdfjellet vart det lang pause og Vinjar herja på med steinar og kravla overalt. Etter nøye kartstudie fann vi ut at vi ikkje ville gå samme veien ned. Det var knappe 7 km + 120 høgdemeter opp på Julskartinden igjen. Vi gjekk heller ned til Malmesetra og veien tilbake til bilen. >>>

Karte    

Molde: Skåla og Vesleskåla

Datum:
02.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:43h
Entfernung:
12,5km

Vi overnatta ved gapahuken eit lite stykke før Skålsetra. Forsette den dårlege veien innover, holete og jæklige (Ein skuleelev og ei traktorskuffe med sand hadde gjort mykje bra her på ein dag). Parkerte ved setra i ein enorm varme. Etter gårsdagens kveldstur på Horga var spent på flugesituasjonen oppi lia, det gjekk overraskande bra pga ein del vind over skoggrensa. Etter ei stund møtte vi 4 lettkledde og lettbeinte damer på vei nedover. Det var 3 søstre Øyre Slind + VM-deltakar i sprint Kari Vikhagen Geitnes. Dei hadde vel ein ok dag på jobb vil eg tru. For meg som brukar mykje tid på skisport om vinteren var dette svært. Utan for mykje pes klokka Vinjar og eg inn på 1 time blank til Vesleskåla. Lise hakk i hæl. Vinden kjøla godt heldigvis. Holdt fram til skaret mot Skåla >>>

Molde: Maifjellet og Kloppafjellet

Datum:
01.07.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
14,7km
Karte    

Eid: Lotsbergnibba

Datum:
26.06.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
5,3km
Karte    

Halsa: Storfjellet, Tindan og Hennafjellet PF100 komplett

Datum:
20.06.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:06h
Entfernung:
10,5km

Dagens 3. tur, og siste tur i Halsa kommune. Banka på hos ein triveleg bonde i bygda og spurde om veien innover mot Hennasetra. Den var det berre å kjøyre, bomvei kr 40. Det var blitt laga til parering for STIKK UT-samlarar ved sætra. Denne parkeringsplassen var ikkje stor, i tillegg moldete og blaut. Fekk no lurt til den store bilen utan å kjøyre meg fast. Merka sti til Tindan 2,6 km og Hennafjellet 1,5 km, veldig lett å finne fram. 1,5 km er nok veldig kort, GPS viste 2,1 km og då var eg ikkje bort på punktet der STIKK UT-kassa var. Merkeleg at dette ikkje er på toppen, men på ein hump litt lenger nord. Ein bestefar med 2 gutar eg møtte var overraska over at eg ikkje samla STIKK UT. Vel det er så mykje der som ikkje er veldig lokkande. Ein stein, ei rotvelte eller ei fure ser >>>

Halsa: Møkkelfjellet

Datum:
20.06.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:57h
Entfernung:
8,9km

Parkerte på Fjærli. Ein liten parkeringslomme ved veien, og merking Møkkelfjellet 4,1 km. Gjekk veien oppover og møtte snart 2 eldre damer som hadde vore på trimtur til Fjærlivatnet. Det er vei heilt inn dit, ikkje innteikna på alle kart. Tipset var å følgje veien heilt inn og ikke bli frista å ta av opp før det. Ved vatnet var det skilting i alle retningar, blant anna til Møkkelfjellet ja. Stien gjekk ganske flatt utover på nordsida av fjellet. Den tok til slutt av bratt opp ved eit lite bekkefar. Her kan ein gå feil, rett fram, om ein ikkje er obs. Kasse og bok i varden. Høgste punkt litt lenger sør. Kjempefint turver. Andre dagen i år eg har starta i shorts, jaggu på tide!

Karte    

Halsa: Rodal rundtur

Datum:
19.06.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:54h
Entfernung:
21,6km

Parkerte ved bommen i Rodal. Den stod åpen, iflg ein eg snakka med på ei hytte rett oppi veien var denne ikkje blitt låst siste året. På grinda står det "Privat veg". Eg tolkar dette som at den ikkje er åpen for allmenn ferdsel, og forheld meg til det. Veien innover er svært god. Skylaget hang godt nedpå toppane, meldingane var trivelegare utover dagen. Tok av ved kraftverket mot Rodalssetra. Bak siste hytta oppe i hjørnet av stølskvia fann eg ein god sti eit stykke innover. Tok etterkvart av oppover og gjekk nordryggen til Vasslifjellet. Gjekk nordom Litlevatnet til Steinfjellet, vidare sørover til myrane 450 moh sør for Blåvatnet. 350 høgdemeter opp til Grønlifjellet. No var siste skydottane vekk og mot Blåfjellet var det lett vandring i fint ver. På Blåfjellet >>>

Karte