Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Rauma: Skarven og Bolfjellet

Dato:
17.06.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:39t
Distanse:
9,6km

Kart    

Rauma: Tarløysa

Dato:
16.06.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:45t
Distanse:
7,6km

Første dag på eit 8-dagers Romsdalsraid. Hadde hatt kontakt med JPV og avtalen var å møtest i Rødvenkrysset kl 1800 torsdag kveld. Kjøyrde til Nysetra, det er no ny betalingsterminal oppe i gata der og den tar VISA, kr 75. Frå parkeringa er dette ein fin og enkel tur. God sti og merking oppover. Oppe på toppen slappa eg av medan Jan Petter var ned på Blåfjellet som han mangla i Raumasamlinga si. Stille og fint på toppen. Rusla tilbake same vegen. Overnatta på parkeringa i Rødvenkrysset, skulle til Landresetra neste dag.

Kart    

Eid: Maragjølvatna

Dato:
11.06.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:30t
Distanse:
9,0km

Dagens tur vart ingen topptur, men ein tur over til Maragjølvatna. Ei stund sidan sist eg var der. Parkerte ved fellesfjøsen på Lotsstøylen. Etter ei god stund med sauespekulasjonar frå Vinjar vart han plassert i bæremeisen. Hadde med mykje mat og utstyr i tillegg så vekta var merkbar. Fulgte veien oppover og tok av mot Kinna på ein svak sti ca 680 moh. Herifrå er det lett austover til Maragjølbakken. Der er det varde og trimbok. Skreiv oss inn og brukte lang tid på mat, drikke og tull. Planen var at Lise skulle møte oss ein eller anna plass etter jobb. Dette var enno 2-3 timar til, så for å fylle dagen gjekk vi ned til Maragjølvatna. Her har eg vore mykje før, både fiske og henta dyr frå sommarbeite. Vart sjokkert over den nye kraftlinja som er veldig dominerande her mot >>>

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
06.06.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Sunnmøre: 4 enkle i pf 50-lista

Dato:
15.01.2016
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
02.01.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:25t
Distanse:
5,2km
Kart    

Eid: Branden

Dato:
08.11.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
5,8km
Kart    

Eid: Lotsbergnibba

Dato:
27.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:19t
Distanse:
5,2km
Kart    

Stryn: Nonsnibba + nokre til

Dato:
18.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:30t
Distanse:
22,0km

Då er det avgjort, Kvitekoll 1915 på Jostedalsbreen blir siste topp i Nordfjord. Sannsynlegvis til våren som skitur, dersom helsa held. Status etter denne legendariske turen 308/309. Har levd i den tru at desse toppane måtte angripast frå Nesdalen/Ruteflotdalen. Faktum er vel at det er det einaste fornuftige og. Men no hadde vi no altså fått info om denne ruta frå Turmagasinet til S&F Turlag. Bror til Kroksleiven lagrar alt slikt han kjem over, og det tok han nokre få sekund å bla seg fram i arkivet. Infoen var veldig knapp, og vi fann etter kvart ikkje ut kvar det var meininga å gå. Det vart derfor eit prøvesegfram-prosjekt oppover den vanskelege sida. Anbefalar ikkje denne ruta, så skriv heller ikkje så detaljert om den. Det er muleg turlaget har utfyllande info eller GPS-spor. >>>

Stryn: Bødalsfjellet

Dato:
10.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:48t
Distanse:
9,4km

Bødalsfjellet 1495, ingen enkle ruter til toppen. Det er heller ingen info å finne nokon plass. Denne toppen er nok meget lite besøkt. Dette er som musikk i våre øyrer. Turfølgje i dag vart Orheimgutane. Gustav som eg studerte friluftsliv saman med i Volda, og Torleiv bedre kjendt som Kroksleiven. Rutevalget vart frå Kjenndalen. Andre alternativ kan være Bødalen, opp Kvanngytta. Ein må då krysse elva, noko som kan være vanskeleg. Det såg og bratt og styggt ut når ein nærma seg skaret. Frå Bødalsseter kan ein muligens gå sørover opp ryggen og så ned i skaret og nå toppen frå aust. Vi gjekk fram og såg ned i dette skaret, det såg ikkje lystig ut. Nei faktum er at vi var ganske fornøgde med denne ruta sjølv om den var krevande. Planen var å følgje elva/elvagjelet oppover >>>