Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Rauma: Randsetfjellet og Skåla

Datum:
17.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:53h
Entfernung:
7,6km

Hadde overnatta på parkeringa i Rødvenkrysset etter tur med Jan Petter på Tarløysa kvelden før. No var eg overlatt til meg sjølv, planen for dei neste 8 dagane åpen. Sidan det låg skodde nedpå fjella vart valget i dag å starta med 2 gjenståande lave toppar på Rødvenhalvøya. Kjøyrde bomvegen til Landresetra. Her er det god parkeringsplass, kunne og overnatta her men dette viste eg ikkje. Gjekk først til Ransetfjellet. Tok ein rundtur, fulgte veien austover, så inn på stien og over toppen og sti og veg vidare ned til parkeringa igjen. Ny tur til Skåla. Gjekk forbi sætra, så gjennom orkanskog og på god sti til Skåla. Skodde på begge toppane, men slik er det berre. Vidare til Mittet og Skarven/Bolfjellet.

Karte    

Rauma: Skarven og Bolfjellet

Datum:
17.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:39h
Entfernung:
9,6km

Karte    

Rauma: Tarløysa

Datum:
16.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:45h
Entfernung:
7,6km

Første dag på eit 8-dagers Romsdalsraid. Hadde hatt kontakt med JPV og avtalen var å møtest i Rødvenkrysset kl 1800 torsdag kveld. Kjøyrde til Nysetra, det er no ny betalingsterminal oppe i gata der og den tar VISA, kr 75. Frå parkeringa er dette ein fin og enkel tur. God sti og merking oppover. Oppe på toppen slappa eg av medan Jan Petter var ned på Blåfjellet som han mangla i Raumasamlinga si. Stille og fint på toppen. Rusla tilbake same vegen. Overnatta på parkeringa i Rødvenkrysset, skulle til Landresetra neste dag.

Karte    

Eid: Maragjølvatna

Datum:
11.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:30h
Entfernung:
9,0km

Dagens tur vart ingen topptur, men ein tur over til Maragjølvatna. Ei stund sidan sist eg var der. Parkerte ved fellesfjøsen på Lotsstøylen. Etter ei god stund med sauespekulasjonar frå Vinjar vart han plassert i bæremeisen. Hadde med mykje mat og utstyr i tillegg så vekta var merkbar. Fulgte veien oppover og tok av mot Kinna på ein svak sti ca 680 moh. Herifrå er det lett austover til Maragjølbakken. Der er det varde og trimbok. Skreiv oss inn og brukte lang tid på mat, drikke og tull. Planen var at Lise skulle møte oss ein eller anna plass etter jobb. Dette var enno 2-3 timar til, så for å fylle dagen gjekk vi ned til Maragjølvatna. Her har eg vore mykje før, både fiske og henta dyr frå sommarbeite. Vart sjokkert over den nye kraftlinja som er veldig dominerande her mot >>>

Eid: Lotsbergnibba

Datum:
06.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Karte    

Sunnmøre: 4 enkle i pf 50-lista

Datum:
15.01.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Karte    

Eid: Lotsbergnibba

Datum:
02.01.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:25h
Entfernung:
5,2km
Karte    

Eid: Branden

Datum:
08.11.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
5,8km
Karte    

Eid: Lotsbergnibba

Datum:
27.10.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
5,2km
Karte    

Stryn: Nonsnibba + nokre til

Datum:
18.10.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:30h
Entfernung:
22,0km

Då er det avgjort, Kvitekoll 1915 på Jostedalsbreen blir siste topp i Nordfjord. Sannsynlegvis til våren som skitur, dersom helsa held. Status etter denne legendariske turen 308/309. Har levd i den tru at desse toppane måtte angripast frå Nesdalen/Ruteflotdalen. Faktum er vel at det er det einaste fornuftige og. Men no hadde vi no altså fått info om denne ruta frå Turmagasinet til S&F Turlag. Bror til Kroksleiven lagrar alt slikt han kjem over, og det tok han nokre få sekund å bla seg fram i arkivet. Infoen var veldig knapp, og vi fann etter kvart ikkje ut kvar det var meininga å gå. Det vart derfor eit prøvesegfram-prosjekt oppover den vanskelege sida. Anbefalar ikkje denne ruta, så skriv heller ikkje så detaljert om den. Det er muleg turlaget har utfyllande info eller GPS-spor. >>>