Balestrand: Vassdalsnipa, Vatnaskredfjellet og Såfossenipa (21.08.2021)


Startsted Parkering Torsnesstølen (700moh)
Sluttsted Parkering Torsnesstølen (700moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 47min
Distanse 18,2km
Høydemeter 1284m
GPS
Bestigninger Vassdalsnipa (1429moh) 21.08.2021 14:58
Nord for Vassdalsnipa (1303moh) 21.08.2021 15:25
Vatnaskredfjellet (1403moh) 21.08.2021 16:02
Bakkanipa (1191moh) 21.08.2021 16:39
Såfossenipa (1322moh) 21.08.2021 17:08

Ein svært fin rundtur over 3 toppar det er naturleg å ta i ein jafs. Parkerte ved stistart Torsnesstølen. Bra plass her til 10-12 bilar. Veistubben vidare innover er stengd med bom. Stien innover er veldig god og lett å gå. Dagen i dag var 60-årsdagen for reisinga av minnesteinen til Hugleik Tungøen i 1961. Kom i prat med lokalfolk som holdt på med vedlikehald på hytta. Ein bergenser bygde den i 1932, no hadde grunneigarar i Sværen tatt over. Kryssa elva rett ved hytta og gjekk stien oppunder fjellet. Ganske bra å gå til ein kjem opp i botnen på delvis sti/dyretrakk. Vidare i steinete terreng til topps. Turen vidare seier seg sjølv, ingen vanskar heller. Ryggen vestover frå Såfossenipa endar i ein bratt bakke der det er eit godt dyretrakk. Over og ned fra 907-toppen var det kronglete, buskas og bregner. Fann ikkje noko god rute her, men det er kort og forsåvidt ikke vanskeleg. Flott rundtur!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.