Muen (12.07.2012)


Kart
Bestigninger Muen (1424moh) 12.07.2012

Etter å ha gleda meg heile veka, resite eg rett frå jobb kl 14. Henta med meg Jorid på Brua. Me åt kjøttkaker og lefse til middag på Tretten. Møtte Ane og Iselin i Ringebu. Saman køyrde me opp på Venabygdsfjellet. Ei og anna regnskur for og toppen av Muen var innhylla i tåke. Me parkerte ved Muvatnet og fylgde den tydelege stien. Turen opp gjekk fort og eg vart overraska når me brått sto, omringa av varder, på toppen. Såg ikkje nokon ting, men eg skal attende ein dag det er klårver. Turen nedatt vart glatt og bratt. Det gjorde ikkje noko, for me hadde meir enn nok tullprat å kome med. Flott tur i lite imponerande ver.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.