Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (400)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (107)
- Fjellskitur (74)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Liten tur frå Langangen
- Dato:
- 29.10.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:51t
- Distanse:
- 3,3km
Har hangla i tre veker, men fann ut at eg orka ein liten Telemarks-topp på veg til Stathelle. Parkerte ved skolen og gjekk roleg opp og ned. 15 grader i lufta, strålande sol og haustfargar. 3,25 km, 142 hm, 51 minutt. Gjekk aleine.
Beste kulturminnetopp i landet?
- Dato:
- 22.09.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:36t
- Distanse:
- 2,2km
På veg til jobb etter overnatting på Bryne, stakk eg oppom dette fantastiske kulturlandskapet, og greidde å dekkje det meste på ein dryg halvtime. For ein stad, for ei tidsdybde i historiske spor, og for eit utsyn! Grå morgon med mild vind, var aleine og det mana verkeleg til ettertanke. 2,2 km, 24 hm, 37 minutt.
Kveldstur i kulturlandskap
- Dato:
- 03.07.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:10t
- Distanse:
- 4,3km
Tur til bygdeborgen på Storås via oldtidsvegen frå Bamble kyrkjerom. Benjamin var med. Sykla fram og tilbake frå Rognstranda til Bamble kyrkje før og etterpå. 4,3 km, 154 hm. 1 time 10 minutt.
Kveldstur til Storefjell på Håøya
- Dato:
- 17.10.2021
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:43t
- Distanse:
- 10,6km
Etter besøk på Stathelle, fekk eg følgje av kusine Kari og vi drog i retning Langangen for å gå til høgaste punktet på Håøya, Storefjell. Vi starta litt for seint (kl 1630), og vi hadde ikkje gjort forarbeidet vårt ordentleg, så vi rota oss opp ein bratt skrent frå Mørjefjorden, der det kunne sjå ut som om det gjekk stig langs strand bort til Vrangsund; det gjorde det ikkje. Følgen var at vi måtte klore oss opp til steinbrotvegane, så leite etter stigar og farbare vegar i verkeleg bratt og ulendt terreng. Men då vi kom til sundet, var alt fint. Merkt stig til toppen, låg sol, klart og kaldt oktobervær. Då vi kom på toppen, var sola gått ned, men månen var komen opp, og utsikten mot Helgeroa og horisonten var flott. Vi greidde oss eit lite stykke utan hjelpelys, men så >>>
Vettakollen og Fuglemyrhytta
- Dato:
- 02.06.2021
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:31t
- Distanse:
- 7,4km
Sykla til Ankervegen, gjekk så raskt til Vettakollen og Fuglemyrhytta og tilbake. 7,4 km på beina, 1 t 31 minutt, 287 hm. På sykkel 5 km, 19 min og 66 hm. Aleinetur.
Andre i dag: Rindenuten var fin
- Dato:
- 18.10.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:16t
- Distanse:
- 3,2km
Andre tur i dag. Parkert på Rinde og gjekk ryggen bratt oppover. Åt niste ved bua med telemast før eg gjekk bort til toppunktet. Flott utsyn. Gjekk viste nordover og over toppen der det var god stig. Sporet opp framsida kvalifiserte vel ikkje eigenleg til den nemninga. Gjekk vegen tilbake til bilen. Prata med folk på Rinde som sa at det er lagt ut toppbok ved bua. Den såg eg ikkje noko til. 3,2 km, 1 time og 16 inkludert matpause. 262 hm. Gjekk aleine.
Kjerringhøgda og Furuåsen, Oslomarka pf 100
- Dato:
- 19.04.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:14t
- Distanse:
- 4,8km
Køyrde først til overfylt parkeringsplass i Enebakk og gjekk opp til Kjerringhøgda. Deilig dag. Frå tårnet såg vi tilbake på Norefjell der eg var i går. Tenkte ikkje på at rekkverka opp til tårnet kunne vere smittekjelder. Får verre krysse fingrane for at det gjekk bra. 4,75 km, 1 time og 16. 141 hm. Så softis ved Hjulet, parkerte ved Oppegård kyrkje, fin liten runde til Furuåsen. Imponert over Søndre Oppegård, vakker eldgammal gard i nydeleg kulturlandskap. 3,23 km, 55 minutt, 78 hm. Tom var med.
Kveldstur til Øyungskollen
- Dato:
- 30.04.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 6,3km
Fin kveldstur i vårver. Gjekk frå Skar så raskt vi kunne for å få opp pulsen. Tom jogga litt. Frå Øyungen gjekk vi litt bortover stranda før vi skar opp mot toppen. Vendte for raskt opp mot toppen, så vi bomma på stien som eigentleg er veldig fin. Vår rute innebar nesten litt klyving. Mange ungdomar telta og hadde strekt ut hengekøyer både nede ved vatnet og oppe på den superflotte Øyungskollen. Gjekk stigen sørover og ned på vegen igjen. 6,36 km, 1 time og 31 minutt. 288 hm. Tom var med. Fuglesong og kvitveis.