Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Øyungskollen igjen

Date:
20.11.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:51h
Distance:
6.8km

Map    

Kvikk tur til Veitåsen

Date:
30.10.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:25h
Distance:
2.0km

Liten sving oppom denne toppen i halvskumring før eg tok fatt på turen heim til Oslo. Ikkje stort å melde, møtte uventa nok to turorienterarar. 2 km, 25 min, 82 hm. Gjekk aleine.

Map    

Liten tur frå Langangen

Date:
29.10.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:51h
Distance:
3.3km

Har hangla i tre veker, men fann ut at eg orka ein liten Telemarks-topp på veg til Stathelle. Parkerte ved skolen og gjekk roleg opp og ned. 15 grader i lufta, strålande sol og haustfargar. 3,25 km, 142 hm, 51 minutt. Gjekk aleine.

Map    

Beste kulturminnetopp i landet?

Date:
22.09.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:36h
Distance:
2.2km

På veg til jobb etter overnatting på Bryne, stakk eg oppom dette fantastiske kulturlandskapet, og greidde å dekkje det meste på ein dryg halvtime. For ein stad, for ei tidsdybde i historiske spor, og for eit utsyn! Grå morgon med mild vind, var aleine og det mana verkeleg til ettertanke. 2,2 km, 24 hm, 37 minutt.

Map    

Kveldstur i kulturlandskap

Date:
03.07.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:10h
Distance:
4.3km

Tur til bygdeborgen på Storås via oldtidsvegen frå Bamble kyrkjerom. Benjamin var med. Sykla fram og tilbake frå Rognstranda til Bamble kyrkje før og etterpå. 4,3 km, 154 hm. 1 time 10 minutt.

Map    

Morgontur til Vettakollen

Date:
14.05.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:54h
Distance:
6.4km
Map    

Kveldstur til Storefjell på Håøya

Date:
17.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
2:43h
Distance:
10.6km

Etter besøk på Stathelle, fekk eg følgje av kusine Kari og vi drog i retning Langangen for å gå til høgaste punktet på Håøya, Storefjell. Vi starta litt for seint (kl 1630), og vi hadde ikkje gjort forarbeidet vårt ordentleg, så vi rota oss opp ein bratt skrent frå Mørjefjorden, der det kunne sjå ut som om det gjekk stig langs strand bort til Vrangsund; det gjorde det ikkje. Følgen var at vi måtte klore oss opp til steinbrotvegane, så leite etter stigar og farbare vegar i verkeleg bratt og ulendt terreng. Men då vi kom til sundet, var alt fint. Merkt stig til toppen, låg sol, klart og kaldt oktobervær. Då vi kom på toppen, var sola gått ned, men månen var komen opp, og utsikten mot Helgeroa og horisonten var flott. Vi greidde oss eit lite stykke utan hjelpelys, men så >>>

Map    

Vettakollen og Fuglemyrhytta

Date:
02.06.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
1:31h
Distance:
7.4km

Sykla til Ankervegen, gjekk så raskt til Vettakollen og Fuglemyrhytta og tilbake. 7,4 km på beina, 1 t 31 minutt, 287 hm. På sykkel 5 km, 19 min og 66 hm. Aleinetur.

Map    

Andre i dag: Rindenuten var fin

Date:
18.10.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
1:16h
Distance:
3.2km

Andre tur i dag. Parkert på Rinde og gjekk ryggen bratt oppover. Åt niste ved bua med telemast før eg gjekk bort til toppunktet. Flott utsyn. Gjekk viste nordover og over toppen der det var god stig. Sporet opp framsida kvalifiserte vel ikkje eigenleg til den nemninga. Gjekk vegen tilbake til bilen. Prata med folk på Rinde som sa at det er lagt ut toppbok ved bua. Den såg eg ikkje noko til. 3,2 km, 1 time og 16 inkludert matpause. 262 hm. Gjekk aleine.

Map    

Kjerringhøgda og Furuåsen, Oslomarka pf 100

Date:
19.04.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
1:14h
Distance:
4.8km

Køyrde først til overfylt parkeringsplass i Enebakk og gjekk opp til Kjerringhøgda. Deilig dag. Frå tårnet såg vi tilbake på Norefjell der eg var i går. Tenkte ikkje på at rekkverka opp til tårnet kunne vere smittekjelder. Får verre krysse fingrane for at det gjekk bra. 4,75 km, 1 time og 16. 141 hm. Så softis ved Hjulet, parkerte ved Oppegård kyrkje, fin liten runde til Furuåsen. Imponert over Søndre Oppegård, vakker eldgammal gard i nydeleg kulturlandskap. 3,23 km, 55 minutt, 78 hm. Tom var med.

Map