Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (400)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (107)
- Fjellskitur (74)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Tredje fylke komplett - Høgståsen blei siste i Vestfold
- Dato:
- 16.11.2014
- Turtype:
- Fottur
Damehelg i Sandefjord blei avslutta med ein tur til det indre Vestfold på veg tilbake til Oslo. Ved hjelp av gps-en fann vi greitt Skatvet, det regna og yra og var knapt nok dagslys - november kan vere skikkeleg dyster, - men hadde likevel stor glede av dette terrenget. Er så glad i bøkeskog, og bøkeskog utan lauv, men med brun skogbotn er også flott. Eg hadde med to venninner som nok stiller seg litt uforståande til heile prosjektet, men dei likar å vere ute, så det fekk gå. Vi rota ein del med dårleg kartutskrift frå Norgeskart. Då vi skulle ta av vegen, fann vi raude band, men følgde dei mot høgre i første vegdele, det var dumt, det er berre å gå rett på. Så vi busha litt rundt på kryss og tvers, var innom den store myra, og fann så den gode stigen. På veg mot toppen >>>
Hobøl i skodde
- Dato:
- 19.10.2014
- Turtype:
- Fottur
Skogstur i grått vêr i dag. For første gong var eg i Tomter og ved innsjøen Mjær. MArit og eg og Uncas parkert ved sørenden av vatnet ved snuplassen og gjekk gardsvegen oppover og innover. Vi gjekk fobri et flott elgposttårn (?) med namnet Musefritt! - og så forbi ei like kunstferdig hytte som såg ut som den var bygd på tomta til ein gammal husmannsplass. Den så absolutt gammal ut med flott gammal takstein og andre gamle detaljar, men ny var den. Deretter gjekk vi opp traktorvegen som tok av til venstre ca 100 meter borti vegen. Vi gjekk den venstre av dei to traktorvegane, og så til høgre opp i skaret. Etter kvart følgde vi eit lite tråkk opp til høgre og fann etter kvart triggpunktet. Vi hadde dessverre ikkje med gps, og rota det litt til. I staden for å gå rett vest må >>>
Andre fylke komplett: med Sørum og Fet i Akershus
- Dato:
- 05.10.2014
- Turtype:
- Blandet sykling
Ein vidunderleg blank haustdag, og Tom, hunden og eg la i veg til Romerike. VI køyrde riksveg 22 frå Fetsund, fann Midtskog og vegen opp Bjørndalen. Porten stod oppe og vi kosta oppover dalen i blankt vêr. Parkerte ein sving unna den andre bommen, følgde stig oppover mot åsen. Kom innpå blåmerkt stig, som vi neglisjerte og strauk rett opp. Fint med gps. Den høgaste toppen var ikkje markert, men kommunetoppen i Fet hadde både varde og var pynta med elggevir. Nedatt fann vi den blåmerkte stigen, og då kom vi nedpå vegen eit stykke lenger opp enn der vi parkerte. Køyrde glade og fornøgde nedatt, men der var bommen låst gitt! Etter å ha banka på to dører fekk vi låne nøkkelen av blid pensjonistdame i det raude huset. Så gjekk då det greitt. Køyrde så til Skjatvet der vi >>>
Vått i Finnemarka
- Dato:
- 21.09.2014
- Turtype:
- Fottur
Heim frå Hjerkinn i går og tur med Marit og Tom og Uncas i dag. Denne gongen køyrde vi til Øståsen opp frå Natvet ved Tyrifjorden. Vegen heiter Breilivegen. Vi møtte fetteren til Marit, som viste oss på veg. Vi tok ei rute som gjekk frå nord til sud. Tok av opp mot Breilihytta, gjekk forbi hytta Bekkeli og deretter til Breilivatnet. Vi følgde orangemerkte tre til vatnet, og fann heilt greitt opp til Lauvkollen. Der hadde vi sol medan vi åt niste. Vi gjekk tilbake over Breiliflaka, som eigenleg var ein finare topp. Så tilbake via dei militære installasjonane (sambandsutstyr og bunkers) og ned til myra med løypekryss. Vi brukte ca 4,5 time på turen som målte 14 km. Marit logga 21000 steg! Småregn og sol, på heimvegen heller mykje regn. Tom, Marit og Uncas var med.
Dovre for første gong
- Dato:
- 19.09.2014
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 7:00t
Etter to dagar med seminar på Kongsvoll og ein liten tur over Hjerkinnshøe, valde eg å hoppe av ein av bilane på Hjerkinn og ta bussen inn til Snøheim fredag morgon (1045-bussen). Møtte ein kollega frå jobben på bussen som var i eit følgje. Heldt litt følgje med dei til inn til Gamle Reinheim, før eg gjekk litt frå. Det var stille og sol, med nokre lette skyer og dis som etter kvart låg under meg. Gjekk i t-skjorte opp, men kledde på meg då eg kom opp, og sat og og rasta i ein time eller noko sånt. Utruleg flott. Litt usikker på om eg torde å gå bort til Midttoppen, men to damer av min type ville prøve seg, så vi gjekk saman. Det var heilt kurant, i alle fall så lenge ein ikkje feste blikket ned i avgrunnen! Flott utsyn ned på baksida av fjellet med irrgrønt vatn. tilbaketuren >>>
To småtoppar på veg heim frå Halden
- Dato:
- 17.08.2014
- Turtype:
- Fottur
På laurdag hadde vi program i Halden, og turen heim til Oslo i dag brukte vi bl.a. på å gjere to små avstikkarar frå E6. Tok av mot Svinndal i Råde. Hadde fått utskrift av o-kart frå Eirik, og vi fann presist fram heile vegen. Veldig moro å gå etter o-lart! Nokre meter sør for der kommuneskiltet til Våler står, går ein stikkveg med bom inn til venstre. Det var akkurat plass til å parkere ein bil utafor bommen, men ein kunne nok også løfte den opp og parkere innafor. Om ein lurar på om det er rett stikkveg, det var fleire å velje mellom, går det altså ei grøft med mykje vatn under i røyr nett her, og dessutan er det steinar og pinnar på høgre side malte blå. Vi gjekk rett på heile vegen i kjempevått terreng. Opp bakken, heldt til høgre i y-krysset (sjølv om den >>>
Første fylke komplett: siste i Telemark
- Dato:
- 10.08.2014
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 4:30t
Siste ferieveka på hytta blei brukt i moltemyrane. Men heimdagen var eg aleine att - utan hund, men med sykkel, og eg hadde planlagt å ta den siste i Telemark, Sauherad, frå nord. Så eg tok av frå rett etter Saggrenda, køyrde opp forbi Heistadmoen, følgde vegen til der eit skilt med Raje på peikte til høgre. Betalte bompengar og køyrde heilt til den store parkeringsplassen ved Ravalsjøen. Derifrå sykla eg rett fram, skiltet sa Breiset trur eg. Fleire moglege vegar å ta av, men rett fram fungerte fint, og då blåmerkinga byrja, var det berre å følgje den. Sondre K seier i sin rapport at den siste motbakken var lang og tung, eg måtte gå av sykkelen. På toppen etter at det flata litt ut, parkerte eg sykkelen under ei gran, og byrja å gå blåmerkt stig. Svært vått etter regnværet >>>