Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (407)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Andre Rust-tur i år
- Datum:
- 22.03.2025
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 5:00h
- Entfernung:
- 20,0km
Tom og eg bar skia på skaren frå Valedammen til forbi Bratsberg. Der tok eg på fjellski m feller og Tom fjellski med klister. Vi gjekk forbi hytta ved Gåsevatn der vi snakka litt med Øyfrid og Viggo; vi var samde - sjølvsagt - om at det var ekstremt lite snø i år. Opp Gåsevassdalen og runda så opp i retning Skavlen i dalen bak Rust. Vi skremde opp ein flokk orrfugl, truleg den same som eg gjekk på i februar, dei var omtrent akkurat på same staden. Vi åt niste i Skavlen, og så gjekk vi opp til under toppen der vi gjekk frå skia og gjekk på beina med stavar på hard skare og delvis bart. Vi var først på høgaste toppen og då bortom mobilbua der vi kosa oss litt i solveggen med litt meir le enn på den andre toppen. På veg ned møtte vi eit par som hadde gått på trug frå >>>
Raudsinutan på ordentleg
- Datum:
- 21.03.2025
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 5:00h
- Entfernung:
- 27,5km
Gjekk frå hytta ca kl 10:00. Panserføre, skyfritt og vindstille. Gjekk på klister, og det var heilt rett. Smurde på nytt då eg skulle starte på klyvinha opp frå Breivatn. Hadde gått Gjevarisen inn og det glei fint, men isen sleit på klisteret. Spikerfeste opp til Stavatjønn. Gjekk bort flata og opp til Gjeslemo. Der tok eg av frå det køyrde sporet, og gjekk inn dalen til Maurdalstjønni og vidare opp Maridalen til riset under Raudsinutan. Eg åt niste i bakken der det første skaret går opp til høgre. Der har eg gått før, og kom då opp på ein av toppane, men skjønte då eg stod der, at det ikkje var høgaste punktet. Har hatt dårleg samvit for å ha logga den som Raudsinutan! Den gongen såg eg eit bratt skard og ein nut med varde lenger mot sud. Så i dag prøvde eg å >>>
Første gong på ski frå Umbukta
- Datum:
- 12.03.2025
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 2:21h
- Entfernung:
- 13,0km
Køyrde frå Mo til Umbukta. Følgde breie skutertrasear til toppen av Mograsfjellet. Kaldt og trått føre. Nydeleg terreng der vi gjekk for første gong,
13 km, 2 timar og 20 inkl pause på toppen. 258 hm. Tom var med.
På ski til Pinsegrønuten
- Datum:
- 01.03.2025
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 16,0km
Litt sliten etter gårsdagen, men bestemte meg for å ta ein kortare tur og hake av ein telemarktopp til. Starta frå Markin, gjekk løypa opp til Kvambekkheii. Det var ganske mykje vind, felleskia glapp litt, og eg var rett og slett litt daff. Gjekk den øvre løypa i retning Sprettedalsnutane. Åt nista i ein krok på hytta i dalen under nuten. Følgde løypa opp skaret, tok bratt opp til høgre under nuten, tok av skia og gjekk på beina opp det siste stykket. Flott topp med gedigent utsyn. Kald vind gjorde opphaldet ganske kort. Same vegen heim. 16 km, 3 timar, 543 hm. Gjekk aleine.
Draumedag frå hytta til Grunntjønnuten
- Datum:
- 28.02.2025
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 5:00h
- Entfernung:
- 32,0km
Herleg skidag. Starta frå hytta, gjekk Gjevarisen til Bekkjestaul, så over til løypa ved Løkin. Derifrå opp til Stavatjønn og Gjeslemo. Spiste niste i bakken opp frå Grunntjønn. Herleg føre utanom løypene, skare med styresnø. Gjekk opp aust for og bakfrå Grunntjønnuten. Gjekk først opp på den austre toppen, derifrå ned og opp på den høgaste. Den var ganske luftig og med fantastisk flott rundskode. Gjekk ein litt betre veg ned til løypa igjen. Deretter same trasé heim. Med eit par idiotkilometer, endte eg på 32 km. 594 hm. Var borte i fem timar. Gjekk aleine.
Kikuttoppen
- Datum:
- 18.02.2025
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 5:57h
- Entfernung:
- 43,5km
Nydeleg februardag. Tenkte primært å gå til Kikut, men etter lunsjpause der, var eg så pigg at eg gjekk vidare nordover. Eg snudde før dei siste nedoverbakkane før Sandungseidet, men brå bestemte meg for å ta ein tur oppom Kikuttoppen i den nydelege ettermiddagssola. Som tenkt, så gjort. Turen opp gjekk heilt fint, men løypa ned til Fyllingen var eit feil val, store hol, issvollar og steinhardt. Etter ein forsiktig start med skia på nedover, tok eg rett og slett skia av og tok nedturen på føtene. Det var heilt rett, det var rett og slett ikkje skiføre ned denne kleiva i dag. Frå Fyllingen gjekk eg over isen, så Glåmene til Kobberhaugen og ned via Lørenseter til Sognsvann. 43,5 km, 966 hm, 5 t og 53 minutt. Gjekk aleine.
Første Rust-tur i år
- Datum:
- 12.02.2025
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 4:30h
- Entfernung:
- 21,5km
Aleineveke på hytta i kaldt, klart og vindstille vær. Ligg ganske bra an med skikilometrane mine denne sesongen, men har berre brukt fjellskia éin gong før. Så det blei Rust denne perfekte dagen. Starta i minus 13, men det blei litt varmare etter kvart. Gjekk over Valetjønn, Skorsvegen til Vadet, opp Bratsberg til Gåsevatn, så opp til dalen frå Skavlen og opp til toppen. Nesten vindstille på toppen også! Drog ned vestover om Hovdestsul og Gryteåi. Gjevar heim. 21,5 km, 618 hm, var borte i 4,5 timar inkl rast.
Storeberg i sol og barfrost
- Datum:
- 12.12.2024
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 2:30h
- Entfernung:
- 7,5km
Barfrosttur til Rust
- Datum:
- 23.11.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 5,9km
Køyrde til Valedammen og gjekk derifrå. Tre av oss hadde betre kondis enn den fjerde, så vi la inn ganske mange pauser. Men alle kom opp på barfrosten. Vind og surt på toppen, men sol og nydeleg utsyn. 5,9 km, 499 hm. 2 timar netto gåtur. Èin time til inkludert pausene.
Furufjell på beina
- Datum:
- 22.11.2024
- Tourlänge:
- 1:45h
- Entfernung:
- 5,2km
Nydeleg tur i kald vær og barfrost. Gjekk vanleg Stig opp og ned, tynt snø/rimdekke gjorde det litt lumskt der det var is under, men var forsiktig. Minus 12 då eg starta, med vind på toppen blei det ganske surt. Men nydeleg! Gjekk 1 time og 34 minutt. 345 hm, 5,2 km. Stakk innom E og A på heimveg; dei hadde hyttekontor i dag. Aleinetur.