Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (400)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (107)
- Fjellskitur (74)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Rognliåsen
- Dato:
- 22.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 8,7km
Fin, historisk interessant tur. Starta ved p-plassen nedafor Øvre Jonsrud. Følgde så vegen oppover forbi det historiske pensjonatet. Las på p-plassen om bergenske kongeveg, og hadde glede av skilting oppover. Følgde veg heilt til Rognli, ein plass eg likte veldig godt. Las i ettertid at garden blei rydda i almenning på 1600-talet. Nydelege hamnehagar, og artig med all villsauen. Gjekk til toppunktet der eg ikkje fann bolt eller anna markering. Så gjekk eg forbi den gamle nydeleg utmurte brønnen til hamnehagen der eg fann meg ein plass med utsyn for nistepause. Heile saueflokken kom brekande opp til gjerdet for å helse på. Tilbake gjekk eg litt dør- og austover. Ein av stigande på kartet fann eg rett og slett ikkje, sjølv om eg etter GPS-sporet skylle ha kryssa den fleire gonger. >>>
Kraftkollen og Glasåsen
- Dato:
- 21.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:57t
- Distanse:
- 3,2km
På veg for å feire eigen bursdag, stoppa vi i Lier for å huke av ein Oslomarka-topp. Gjekk frå p-plassen raskt opp til toppunktet, tok ca 12 minutt. Toppunktet gjorde ikkje noko særlevutavcseg, Vilde gjekk rett forbi, men vi bestemte oss for å ta runden om Glasåsen, og den var til gjengjeld ein flott utsiktstopp. Flott vårvær. 3,2 km, 164 hm, 57 minutt. Tom og Vilde var med.
Varingskollen vakker maidag
- Dato:
- 20.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:00t
- Distanse:
- 6,6km
Veit ikkje kvifor heilt, men denne turen begeistra meg rett og slett. Kombinasjon av fleire faktorar. Køyrde til Varingskollen p-plass, og valde å gå Kariløypa oppover etter tips frå kjentmann. Hovedløypa var delvis snødekt, og sjølv om eg såg ein kar oppi der, såg det litt kronglute ut å krysse snøfelta. Kariløypa var heilt bar og fin å gå. Eg fekk to telefonar midt i bakken, og med to stopp for dei i løypa brukte eg 40 minutt opp. Ganske dryg stigning. Nydeleg vêr, første gong med t-skjorte i år. Toppunktet var heil supert med vid utsikt i alle retningar. Hadde ein liten tanke i hovudet at eg skulle greie Glotjernshøgda også, men då eg kom ned på dei store myrane, og såg skiltet med 4,5 km til Holmetjern, skjønte eg at det var urealistisk gitt tida eg hadde til rådvelde. >>>
Paradiskollen
- Dato:
- 18.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:48t
- Distanse:
- 6,4km
Køyrde til den nedlagde jernbanestasjonen på Harestua, og lirka meg gjennom den trange undergangen med steinvegger slik at eg fekk parkert på andre sida av jerbanelina. Derifrå følgde eg blåmerket stig heilt opp til toppen utan navigeringsproblem. Eg prøvde å halde farten litt oppe for å få litt trimeffekt. Brukte 51 minutt opp. Møtte til saman tre personar på veg ned, og ein kar sat dessutan ved varden og rasta då eg kom opp. Brukte han som fotograf! Utruleg flott utsikt og ei siktskive der eg faktisk hadde vore på dei fleste toppane, tilfredsstillande! Såg Gaustatoppen, Norefjell, Ble, Vikerfjell og Spåtind! Brukte 1 time og 49 minutt opp og ned inkludert matpakke og toppbok. 6,4 km. 456 hm. Gjekk aleine.
Tonekollen i kaldt maiver
- Dato:
- 16.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 3:17t
- Distanse:
- 12,5km
Køyrde til Bysetermåsan. Tok stigen til Vangen der vi spiste litt inne. Så vidare til Tonekollen som overraska positivt. Flott utsikt vestover. Same veg tilbake til Vangen, derifra følgde vi vegen tilbake til Bysetermåsan. 3t og 23 minutt inkludert kafebesøket. 12,5 km, 458 hm. Finn var med.
Fjellskitur i Skorve
- Dato:
- 13.05.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 5:54t
- Distanse:
- 18,6km
Starta ved Manarosdammen kl 0930 der eg møtte Hallgrim. Den faste påsketuren vår gjekk jo i vasken, men dette blei inga dårleg erstatning. Av og på med skia til vi kom til Kvislin, derifrå og opp var det flott skare og ganske tørr overflate. Vi gjekk vanleg rute oppover og fann rasteplass nedafor og vestafor Bøkretjønn. Rasta ganske lenge. Sjølv om lufta var kald, hadde vi le og full sol, så det var berre deilig. Ikkje noko særleg vind heller, ein trekk i lufta berre då vi heldt fram opp til trigpunktet. Nedover valde vi ein annan trasé, vi gjekk bort og rett under 1281-nuten. Derifrå ned skaret til Grasdalstjønni, som ingen av oss hadde vore på før. Derifrå følgde vi lia bort til rasteplassen under Bøkretjønn og så vidare heim forbi Stav. Litt kjedeleg med av og på >>>
Kveldstur til Skaugumsåsen
- Dato:
- 10.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:33t
- Distanse:
- 4,6km
Start ca 18.15 frå Sem. Gjekk rett opp Raset eller ura, og kom opp til toppen etter 1,1 km veldig bratt stig med klyvetak fleire stader. Super utsikt. Litt snø i lufta, men stort sett sol. Fann den vesle bolten i berget. Gjekk over platået og ned til Semsvannet. Flott natur og kulturlandskap. 4,6 km, 299 hm, 1 time og 37 inkludert pause på toppen. Tom var med.
Dalasjøhøgda frå nord
- Dato:
- 09.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:31t
- Distanse:
- 4,0km
Prøvde først å køyre opp til skytebanen frå Grua, men bomvegen var stengt pga teleløysing. Så difor køyrde vi vidare nordover til Munkerud og parkerte ved Bråtan. Gjekk oppover skogsvegen som var under arbeid med nye grøfter, mykje søyle og stein. Etter kvart blei det meir og meir snø på vegen, og det siste stykket opp til Østbyhytta gjekk vi i terrenget der det var barare. Vi fann toppunktet etter litt prøving og feiling. Det var nedsnødd, men nokre steinar av den vesle varden stakk opp. Busha ned til hytta att og vidare i terrenget til vi var forbi det verste snøpartiet. Såg ein svart orm som viste seg å vere daud, ihelfrosen kanskje? 4 km, 223 hm, 1,5 time. Tom og Marit var med.
Tjæregravshøgda og Elgkollen
- Dato:
- 08.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 3:27t
- Distanse:
- 9,7km
Gjekk frå p-plassen ved Burud. Aldri vore her før, og vi valde å gå vegen rett fram vest for Burudvann. Så gjekk vi litt for langt på vegarmen som tok av mot aust, så vi måtte bushe litt oppover til stigen sør for Elgkollen. Derifrå følgde vi stigen rett opp. Niste på utsiktspunktet, og så merkt stig tilbake på austsida av Burudvann. Møtte ein veldig spraglete hoggorm på veg ned frå Elgkollen. 9,68 km, 3 timar og 23 minutt, 432 hm. Oddrun var med.
Heikampen mellom to sesongar
- Dato:
- 07.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 3:30t
- Distanse:
- 12,8km
Fin tur der eg blei overraska av restane av vinteren på toppen, så den flotte maivåren lenger nede møtte den siste krampetrekninga til skisesongen oppe på Heikampen-platået. Eg gjekk opp ved å følgje stigen vest for toppen, og ned ved å følgje ryggen heilt ut, og så ta meg ned til hovudskiløypa aust for Heikampen. Sjølve toppunktet var triste greier, ein delvis snødekt minivarde i eit tett granholt. Men løypetraseen over myrane og småtjerna på toppen såg lekker ut. Må tilbake til vinteren. Utsiktspunktet på 558 var kjempeflott, og nista blei inntatt der. Herleg rastepunkt. 12,84 km, 3,5 time, 501 hm. Lengste tur etter operasjon for ei veke sidan. Gjekk aleine.