Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Lang tur i flott terreng og i supert vær

Date:
04.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:47h
Distance:
25.0km

Denne turen hadde eg tenkt som skitur, men i vår blei det ikkje tur til Mo i Rana, og når værmeldinga plutseleg snudde, og det var meldt stor gul sol og lite eller ingen vind, blei det Nordtoven på beina. Eg vurderte å gå frå Elsfjorden, men at det var stigar halve vegen avgjorde. Litt deilig når ein ikkje er kjend, og når det var så mykje snø i fjellet som det er no. Køyrde inn vegen mot Neverli og stoppa der bommen var (open), men privat veg var tydeleg kommunisert. Det var bra, for eigarane møtte eg etter kvart. Då var det deilig å ha oppført seg ordentleg! Fin grusveg med grasparti i midten. 2 km inn til Neverli. På Neverli møtte eg to karar som arbeidde med å rydde nokre trær. Dei inviterte meg på kokegropkokt kjøt når eg kom nedatt! Gjekk så vidare over tunet i >>>

Map    

Frå Andfiskvatnet via Bjørnhaugen til Mo

Date:
02.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:09h
Distance:
16.3km

Tom køyrde meg eit stykke inn langs Andfiskvatnet, der var det ein bom som ikkje var markert på ut-appen. Det var greitt nok. Eg følgde vegen i 6 km før den endte i ei dør i fjellet. Vasskraftanlegg kanskje?Derifrå var eg litt i tvil om eg skylle gå til høgre eller venstre for å forsere berget, men traseen til høgre som eg valde var heilt grei. Ikkje spor av stig, men eg gjekk meg ikkje fast i svaa heller. Regn av og på, ei haglbyge kom då det var som brattast. Hadde regnbuksa av og på to gonger. Fann toppunktet med varde og stake og etter kvart også den breie stigen som går langs med platået. Det sprakk opp, og sola kom fram rett etter eg hadde passert toppen. Då rasta eg, og det steig damp frå vått terreng. Storslått flott landskap med mykje snø no 2. juli. Følgde berre >>>

Map    

Hauknestinden

Date:
01.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:15h
Distance:
11.2km
Map    

Dalselvtindan og Hauknestinden

Date:
01.07.2020
Duration:
3:30h
Distance:
11.2km

Køyrde til Dalselv for eg hadde fått tips om at turen opp til Dalselvtindan var fin.Det var den, og vel oppe på Veten, såg eg over på Hauknestinden, og fann ut at det hadde vore fint å gå bort til den toppen som trass alt er høgast og så gå ned til Hauknes etterpå. Ringte og avtalte henting på Hauknes, og gjekk så i veg. Veldig fint strekk, sjølv om det var ein heil del snøfenner mellom dei to toppane. Ei lita regnbyge på veg opp til Veten, ei sur haglbyge på toppen av Hauknestind, men elles heilt fint å gå. Då eg stod på Veten og titta ut Ranafjorden, steig det ei havørn opp frå under meg, inspiserte meg og drog så innover fjellet. Herleg! Brukte 3 timar og 35 totalt på 11,2 km. 958 hm er jo ein ordentleg tur. Gjekk aleine.

Map    

Lovund i draumever

Date:
28.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
10.9km

Flott værmelding, så vi tok 10-båten frå Stokkvågen. Gratis når ein ikkje har med bil! Gjekk frå ferjekaia til Nøvbukta. Nydeleg stig og vakker sandstrand. Så ut langs høgre sida og inn i skogen. Det var ordentleg varmt, og vi skjønte fort at vi burde ha hatt med meir drikke. Nesten opp det seige skaret, bestemte dei to unge seg for å snu. For dårleg form, for varmt og for lite drikke med. Tom og eg klorte oss vidare. Sjølv om stigen blei betre og ein tanke mindre bratt då vi gjekk ut av skaret og over på den bratte lyngbakken, var dette strekket veldig seigt. Høge kneløft, og ingen kvileparti. Men viljen er jo det avgjerande, og då vi bikka kanten og såg den flotte grasbakken opp til varden, kvikna vi til. Lang rast, mat, resten av drikken, fotografering med hjelp av ein >>>

Map    

Ytre Skurvhatten

Date:
27.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:02h
Distance:
6.5km

Overnatta på Hovde gjestegård i Brekstad. Nydeleg frukost i hagen, og dagen teikna til å bli varm. Då vi parkerte ved Heitjønna p-plass, viste biltermometeret 28 grader, og det surra fluger, klegg og brems rundt bilen. Tok med drikke, og gjekk langs merkt stig oppover. Litt plagsamt med all åten, men heldigvis var det litt bris i høgda, og det var nydeleg på toppen og langs ryggen. Var oppe på litt over 50 minutt, drakk og tok bilete og beundra utsynet, og så gjekk vi ryggen tilbake. Ut-appen viste stig, men den var så som så. Brukte 2 timar og 5 minutt inkludert pause. Perfekt med bad i Heitjønna då vi kom ned. 6,5 km, 2 t og 5 min, 383 hm. Tom var med.

Map    

Reistadåsen på veg heim til Oslo

Date:
21.06.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:54h
Distance:
3.3km

På veg heim frå ausregn på hytta. Opphaldsver i Lier, så eg køyrde opp i Reistadlia, inst i Åsveien og følgde stig til utkikkspunktet, dinest gulmerkt stig nesten til toppunktet, skar ut i våt lyng og fann sjølve toppunktet greitt. Ein litt stor fugl sat rett ved bolten og flaug opp då eg var rett ved sida, burde vere flinkare med fugl, kan ikkje seie kva det var. Skar rett ned frå toppen til den fine skogsveien. Då eg skifta ved bilen, kom regnet til Lier også. 3,34 km, 55 min, 172 hm. Gjekk aleine.

Map    

Rust

Date:
14.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:36h
Distance:
5.9km

Tom og eg gjekk raskt frå Dammen til Rust, nyvrekord for meg, 49 minutt. Brukte like lang tid ned, men vi gjekk den lengre ruta om Dritarkleiv, opp gjekk vi Kåbakkan. 5,95 km, 1 time og 40, 492 hm. Tom var med.

Map    

Furufjell

Date:
13.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:42h
Distance:
4.1km

Fin sommartur til Furufjell med Erling, Anniken og Tom. 4,5 km, 1 t 41 inkl pause. 349 hm.

Map    

På beina til Rust

Date:
31.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:32h
Distance:
5.2km

Gjekk på beina frå Øyvågsli for å unngå dei største snøpartia. Det gjekk fint, men traseen var tilnærma rett opp i dag. Dessverre var stigen opp frå Øyvågsli øydelagt av maskinell hogst. Litt å drikke på toppen. Litt vind i dag, så relativt raskt nedatt. 5,26 km, 481 hm, 2 t 38 minutt. Tom var med.

Map